Ekstremværet GYDA

Adobe Stock photo Skjåk kommune fylgjer med og er merksame på situasjonen rundt ektremværet Gyda. Alle i Skjåk kommune som har beredskapsansvar er klare om noko skulle skje.

Ekstremværet GYDA

YR.no melder til dels store nedbørsmengder onsdag 12. og torsdag 13. januar. Onsdag stig temperaturen, og ein kan forvente fleire varmegrader og regn mot slutten av dagen. Meteorologisk institutt har sendt ut oransje farevarsel.

Vi vil minne alle grunneigarar om å sjekke eigne stikkrenner, avkjøringsrenner og andre vassføringar for å hindre skader på veg og eigedom i samband med venta nedbør (t.d. utfordringar med overvatn). Ein bør vere spesielt varsam utanfor hovudvegane på at det kan bli vanskelege køyreforhold (glatte vegar).

Skjåk kommune oppmodar sterkt at folk ikkje tek ut på skitur eller topptur i høgfjellet dei komande dagane, og vi oppmodar også folk om å ikkje reisa på hytta i områder Sota sæter/Liavatnet, Breidalen/Grotli og andre utsette vêrområde i fjellet.  

Det ligg ute farevarsel frå YR.no om at kraftige vindkast er på gult nivå fleire stader i landet. Hugs å sikre lause gjenstander og unngå ferdsel på utsette stader.

Viktige lenker