Fagarbeidarstillingar i barnehagen

Det kan bli ledig fleire stillingar som fagarbeidar/assistent i barnehagane i Skjåk kommune frå hausten 2018, dette kan bli både faste og mellombelse stillingar i ulik stillingsstorleik.

Barn i barnehage - Klikk for stort bilde

Kvalifikasjonar

  • Det er ynskje om fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Eventuelt annan relevant utdanning og relevant erfaring
  • Den som vert tilsett må leggje fram godkjent politiattest

Vi ynskjer at du

  • har gode samhandlingsevner
  • kan arbeide sjølvstendig
  • har kompetanse og erfaring i arbeid med framandspråklege
  • har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
  • har grunnleggjande kjennskap til bruk av IKT

Kontinuitet og stabilitet vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP

Spørsmål om stillingane kan rettast til styrar i den enkelte barnehage, eventuelt til kommunalsjef  Unnvald Bakke mobil 97112074

Søknadsfrist 27. mai 2018

Rådmannen

Kontakt

Unnvald Bakke
Kommunalsjef Oppvekst og utdanning
Telefon 61 21 70 00
Mobil 971 12 074