Feiing og tilsyn

Ny forskrift om brannforebygging av 28.12.2015 set nye krav til kommunane (brannvesenet).

Sottjønnbu, Breheimen, Skjåk - Klikk for stort bildeSottjønnbu, Breheimen, Skjåk

For fritidshus, setrer, buer osv.

I forskrifta er det bl.a. krav til at kommunane gjennomfører feiing og tilsyn ved alle skorsteinar på fritidshus.

Denne tenesta skal vera sjølvfinansierande og kommunestyret har derfor fastsett gebyrsatsar for dei ulike bygningane. For fritidshus, setrer, buer osv. er det fastsett eit intervall på feiing og tilsyn kvart 8. år.

Gebyret er utlikna slik at det blir krevd inn ein årleg sum som utgjer kr. 200,- for feiing og kr. 150,- for tilsyn. Beløpet kan verke høgt i forhold til gebyra for ein husstand, men det er fordi feiing av fritidshus tek lengre tid på grunn av avstandane.

Faktura for fritidshusa for 2017 er nå utsendt.