Forvaltning av hjortevilt i Skjåk kommune

I fylgje § 3 i hjorteviltforskrifta skal kommunen vedta mål for utviklinga av bestandane av elg, hjort og rådyr. Dette gjorde Skjåk kommune i ein forvaltningsplan som gjeld for 2012-2020.

I Skjåk er det bestandsplanbasert forvaltning med normalt tre-årige bestandsplaner. Førre plan gjaldt i perioden 2015-2017. Etter den perioden vart det vurdert status iht til dei kommunale måla. Denne vurderinga vart presentert under eit fellesmøte mellom utval for vilt- og fisk og miljø- og næringsutvalet i februar 2018. Vurderinga er oppsummert under:

1. Hjorteviltstammane skal vere tilpassa leveområdas bereevne.

Vurdering: Beitetaksering syner at elgbestanden er i grenseland iht bereevne for vinterbeite. Hjort og rådyr er sårbare i vintre med mykje snø, men finn elles bra med mat på dyrka mark. I skogen er det avgrensa vinterbeite. Sumarbeitet er godt, det er store tilgjengelege areal, truleg godt under bæreevna.
 

2. Hjorteviltstammane skal ha ein biologisk forsvarleg kjønns- og aldersstruktur og oppretthalde sin naturlege genetiske variasjon.


Delmål elg (frå sett-elg data):
Ku/-okseforhold < 2 (viktig med ein god del oksar i stammen)
Produktivitetsnivå: kalvrate > 0,6 og tvillingrate > 1,2. 

Vurdering: Ku/-okseforholdet er godt under to, kalvrate med snitt over 0,6 og tvillingrate i underkant av 1,2. Desse parametrane er ok.
 

3. Skadar som dei påfører biologisk mangfald, jord- og skogbruk skal haldast innanfor eit akseptabelt nivå

  • Eigarar av rundballar og anna fôr som ligg ute må sjølv ta ansvar for skadar på fôret ved t.d. inngjerding. 
  • Skadar på åker og eng skal haldast på eit akseptabelt nivå. Dette er med på å sette rammer for bestandsstorleik.
  • Prioritere høg tildeling i nærleiken av jordbruksområder.

Vurdering: Kommunen har ikkje noko verkty for å måle dette. Det blir ei subjektiv vurdering. Mange tilbakemeldingar om for store skader. Bondelaget organiserer mange og er ein viktig aktør når det gjeld vurdering av beiteskader. Dei meiner det er for mykje hjortevilt. Kommunen er og av den oppfatning av skadenivået på innmark er for høgt i fleire områder. Fleire jaktlag har prøvd å prioritere uttak i nærleiken av jordbruksområder.
 

4. Dersom beiteuttaket på furuforyngelse blir over 30 % av årsskota skal ein vurdere om det er naudsynt å regulere bestanden av hjortevilt slik at beitetrykket blir redusert.

Vurdering: 28 % i snitt, jf beitetaksering. Bør redusere elgstammen.
 

5. Hjorteviltstammane skal under normale forhold utgjøre ein viktig økonomisk ressurs for grunneigarane.

Vurdering: Utgjer ein viktig økonomisk ressurs for grunneigarane.
 

6. Det skal arbeidast aktivt for å redusere talet av viltpåkjørsler. Det er utarbeida ein eigen tiltaksplan mot viltpåkjørsler i Skjåk vinteren 2012. 

Vurdering: Tiltaksplanen er gjennomført og fylgd opp årleg i samarbeid med Statens vegvesen. 

Dei to utvala som deltok på møtet i februar 2018, var samde om at elgbestanden burde reduserast med 1/3 i løpet av neste periode.

Det er rettshavarane som utarbeider bestandsplanar og søker om å få dei godkjent av Skjåk kommune. Bestandsplanen inneheld mål om bestandsutviklinga. Vart måla i bestandsplanen for 2015-2017 oppnådd?

  • Stabilisere elgstamma med eit årleg uttak på 65-85 elg pr. år. Det vart teke ut 80, 81 og 96.
  • Stabilisere hjortestamma med eit årleg uttak på 70-90 dyr pr. år. Det vart teke ut 88, 98 og 95.

Sett-elg og sett-hjortdata tyder på at bestandane i førre periode var større enn målet. Bestandane vart ikkje stabilisert iht måla i bestandsplanen. Konklusjon: Elg- og hjortebestanden er for stor.
 

Vi er no midt i neste bestandsplanperiode

Måla for storleik på elg- og hjortestamma i gjeldande bestandsplan er senka til hhv 55-75 elg og 60-90 hjort. Samstundes er planlagt uttak auka. Rettshavarane har søkt om 120 elg og 130 hjort kvart år for denne bestandsplanperioden. Dersom ikkje heile kvota blir teke ut eit år kan den bli lagt til neste års kvote. Om det blir naudsynt å tildele fleire dyr kan rettshavarane søke om revidert bestandsplan. Hausten 2018 vart det felt 94 elg og 118 hjort i Skjåk. For kommande haust har rettshavarane lagt opp til ei kvote på 125 elg og 165 hjort + eventuelle skrapdyr. Rettshavarane har i tillegg auka andelen ku og hind og vil vurdere justering av vektgrenser for skrapdyr. Dei legg også opp til å utnytte jakttidene betre (tidlegare start og/eller seinare avslutning). 

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145