Forvaltningsplan for elg, hjort og rådyr 2021-2026 i Skjåk kommune - høyring

Klikk for stort bilde PX  Ny høyringsfrist: 22. april 2021

Forvaltningsplan for elg, hjort og rådyr 2021-2026 i Skjåk kommune

Forvaltningsplanen inneheld målsettingar for utviklinga av bestandane av elg, hjort og rådyr. Måla skal ta omsyn til mellom anna beitegrunnlag, viltpåkøyrslar, skader på naturmangfald, beiteskader på skog og innmark. Planen gir rammer for godkjenning av bestandsplanar, tildeling av fellingsløyve og oversikt over grunnlaget for bestandsvurdering. Til slutt i planen er det skrive ein del om når kommunen kan gje løyve til skadefelling av hjortevilt som gjer skade.

Ny høyringsfrist: 15. april 2021.  Endra til 22. april 2021
Innspel til planen kan bli sendt til: post@skjaak.kommune.no eller Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 Skjåk

Figurane syner statistikk samla inn i samband med elg- og hjortejakta i Skjåk.