Trinn 2 av gjenopninga skjer frå torsdag 27. mai.

AdobeStock_343842300.jpeg - Klikk for stort bildeHugs å halde god avstand til kvarandre (minst 1 meter).Frå og med torsdag 27. mai legg Skjåk kommune seg på dei nasjonale føringane, og følgjer trinn 2 av gjenopninga.

Frå og med 27. mai. legg Skjåk kommune seg på dei nasjonale føringane og følgjer trinn 2 av gjenopninga.

Avstand

Vi oppmodar alle til å fortsette med å halde god avstand til kvarandre (minst 1 meter).

Munnbind

  • Det er fortsatt fornuftig å bruke munnbind, men det er ikkje lenger noko føringar frå Skjåk kommune om bruk av munnbind i butikkar.
  • Butikkane kan fortsatt anbefale bruk av munnbind ut frå eiga vurdering.

Sosial kontakt (heime)

  • Du kan ha besøk av inntil 10 personar.
  • Vi oppmodar til å møtas utandørs.

Arrangement

  • Det oppmodast til varsemd og planlegging av deltaking på arrangement slik at ein i størst mogleg grad unngår smittespreiing mellom stader.
  • Det er tillate å samle inntil 20 personar på private samankomster utanom i eigen heim, som for eksempel ein bursdag i leigd lokale. Det er tillate med inntil 30 personar utandørs.
  • På offentlege arrangement innandørs utan faste tilviste sitteplassar kan ein samle inntil 50 personar, eller dersom deltakarane er frå same kommune og under 20 år, inntil 100 personar.
  • På arrangement innandørs der alle i publikum sit på faste tilviste plasser kan ein samle inntil 200 personar. 
     

Svømmehall

  • For barn og unge under 20 år er svømmehallen open som normalt føresett at smitteverntiltak vert fylgt.
  • For grupper av vaksne er det tillate med inntil 20 personar.
  • Det same gjeld for babysvømming - der det er tillate med inntil 20 vaksne. 
    Sjå nasjonale veiledere for aktivitetar i svømmehall.

Idrettshall

  • Idrettshallen er open for organisert aktivitet føresett at gjeldande anbefalingar blir fylgd.
  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på idretts-, kultur- og fritidsaktivitetar, og kan unntakast frå anbefalinga om 1 meters avstand når det er nødvendig for å drive aktiviteten.
  • Organisert idrett for barn og ungdom som samlar deltakare frå Lom og Skjåk er tillate. (evt. som samlar deltakarar frå fleire kommunar)
  • Vaksne kan drive organisert aktivitet innandørs i grupper på inntil 20 personar, og utandørs i grupper på inntil 30 personar, så lenge dei kan halde minst éin meters avstand.

Friviljugsentral, kulturskule og treningssenter

Friviljugsentral, kulturskule og treningssenter er opne for aktivitet føresett at nasjonale anbefalingar vert fylgd.