Har du flytta til Skjåk siste året?

Skjåk kommune og Friviljugsentralen inviterer alle som har flytta til Skjåk det siste året til middag 12. oktober kl 16.30

Innflyttarmiddag 1 - Klikk for stort bilde

Innflyttarmiddag

Tradisjonen tru ønsker Skjåk kommune å invitere alle som har flytta til Skjåk det siste året til middag. I år inviterer vi til Friviljugsentralen i Bismo 12. oktober kl 16.30. Friviljugsentralen vil servere middag laga av lokale råvarer.
Tilbakemeldingar frå dei som har vore med på middagen tidlegare seier at dette er ein fin anledning til å treffe andre som har flytta til Skjåk, og få informasjon om Skjåk.

For å kunne lage nok mat er det fint om dykk sender ein e-post til:  Inga.gudrun.hyrve@skjaak.kommune.no eller ring 61 21 70 00 og seier kor mange som kjem frå din husstand innan 9. oktober.

Velkomen til middag!

Kontakt

Inga Gudrun Hyrve
Leiar Støttefunksjon
Telefon 61 21 70 00
Mobil 402 16 514