Påmelding til Hausttakk!

Bilde med tekst. Invitasjon til å ha stand på arrangementet Hausttakk i Skjåk - Klikk for stort bilde Skjåk kommune

Har du noko du vil selje, syne fram eller underhalde med på årets Hausttakk laurdag 7. oktober? Skjer det noko i bygda ellers denne helga som vi kan marknadsføre ihop?

Hugs: Påmelding for stand og/eller underhalding innan 24. september!

Om Hausttakk

Målet med Hausttakk er å fremje lokal matproduksjon og mattradisjon, samt bygge vidare på tradisjonen om at utflytta skjåkverar og folk frå andre stadar kjem til Skjåk om hausten for å drive matauk for vinteren. Like viktig er det å skape ein martna der folk kan få kjøpe mat frå lokale matprodusentar i frå både aust og vest. Det er også ein moglegheit for lag og organisasjonar til å syne fram aktiviteten sin og alt det fine frivillige arbeidet som blir gjort i Skjåk.

Påmelding til Hausttakk!

Hausttakk har vorte ein viktig sosial og uformell møteplass i Skjåk. Sett av dagen og bli med! Hausttakk er eit fint høve til å gjere ein god handel og slå av ein prat med nokon, over ein kaffekopp eller ein lokal spesialitet. Har du noko du vil selje, by fram eller underhalde med på årets Hausttakk? Frist for påmelding av stand eller aktivitet er sundag 24. september. Det er GRATIS å delta!  NB: Sjå påmeldingsskjema for utstillarar/stand nedst i artikkel! (Les også informasjon til deltakarar (PDF, 637 kB) på Hausttakk)

Vi ber om at påmeldinga anten kjem på e-post til marianne.stensgard@skjaak.kommune.no, eller i vedlagt skjema nedst i artikkel. Lurar du på noko ring: 90941702

Program for Hausttakk

Sjå programmet her!

Fest med Vassendgutane

På kvelden blir det storslagen fest med Vassendgutane! Billettar til festen kan du kjøpe på vedlagt lenke/knapp:

KJØP BILLETT HER

Hjarteleg velkomne til Hausttakk 2023!

Venleg helsing 
Komiteen

NB: Det går føre seg byggeaktivitet ved Skjåkhallen, men det vert lagt til rette slik at vi kan ha arrangementet der også i år. Inngangen vil bli rett inn i hallen ved handballbana. Marknaden er både i og utanfor Skjåkhallen, og det er GRATIS både for publikum og for å delta med stands! 

Kontakt

Marianne Stensgård
Kultur og omdømme
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702