Hjorteviltpåkjørslar i Skjåk 2020

I 2020 vart det påkjørt 85 hjortevilt i Skjåk. Det er fleire enn nokon gong tidlegare. Påkjørslar gir risiko for personskader og er kostbart for samfunnet.

Hjorteviltpåkjørslar i Skjåk

Hjorteviltet er i størst aktivitet den mørka tida på døgnet særleg morgon og kveld. Det er naturleg nok størst risiko for påkjørslar i vinterhalvåret da det er mørkt store delar av døgnet og meire snø høgare i terrenget. Da kjem hjorteviltet ned i dalbotn for å finne mat og for lettare å kunne ta seg fram. Mange opplever at hjortevilt beiter på hagevekstar og rundballar om dei får moglegheit. Ved rundballelagre som ikkje er sikra kan hjorteviltet bli samla i store flokkar. Heldigvis er fleire av rundballelagra i Skjåk betre sikra no enn for berre nokre år sidan. 

Hjorten beiter mykje på dyrka mark vinterstid om snømengdene ikkje blir for store. Om den må krysse ein veg for å komme frå dagområdet til beiteområde på dyrka mark blir det ofte trafikkfarlege situasjonar. 

Om lag halvparten av hjorteviltet som blir påkjørt døyr eller blir avliva som fylgje av påkjørselen, 30 % blir friskmeldt, medan ca 20 % ikkje blir attfunne (statistikk frå dei fire siste åra i Skjåk).

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I tillegg til jakt og påkjørslar er det ein god del hjortevilt som døyr av andre årsaker, til dømes sjukdom, ulykker og rovdyr. I 2020 var det registrert 78 hjortevilt som døydde utanom jakt. I 2018 hadde vi ein snørik vinter, da døydde heile 99 hjortevilt utanom jakt. 

 

 

 

 

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145