Informasjon om nye koronatiltak i Skjåk - oppdatert 19/1-21

Smitteverntiltaka nasjonalt vert den 18. januar i hovudsak vidareført slik dei er no med nokre mindre endringar.

Her kan du sjå oversikt over dei oppdaterte nasjonale smittevernstiltak 

Dette vert endra:

  • Nasjonalt tiltaksnivå for ungdomsskuler og videregåande skuler nedjusteras fra raudt til gult nivå. Kommuner kan oppretthalde raudt nivå ved behov.
  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt, både ute og inne. Kamper, cuper, stevner o.l. må fortsatt utsettas. 
  • Anbefalinga om å unngå besøk heime vert ikkje videraført. Vi kan igjen ha inntil 5 gjester i tillegg til dei som allereie bur saman.

Dette vert vidareført:

  • Det anbefalast å unngå alle reiser i inn- og utland, med mindre det er nødvendig.
  • Heimekontor anbefalast for alle som har moglegheit til det.
  • Den nasjonale skjenkestoppen blir vidareført.
  • Organiserte innandørs aktivitetar for vaksne vert ikkje anbefalt.
  • Kulturarrangement som forestillingar, oppvisningar m.v, samt kurs/konferanser og trus- og livssynseremoniar utsettas dersom desse samlar personar frå fleire kommunar.

Lokale tiltak og endringar i Skjåk etter 18. januar.

Institusjon og omsorgsbustadane på Skjåkheimen, Bismotunet bufellesskap: 

  • Vi legg til rett for at bebuarar på institusjon kan ta imot besøk under føresetnad av at gjeldande smittevernreglar blir fylgt. Same reglar gjeld for Bismotunet og omsorgsbustader. Alle på institusjon er nå vaksinert med fyrste dose.

 Skjåkhallen og svømmehallen: 

  • Vi legg til rette for å opne att Skjåkhallen for idrettslaget, men dette gjeld kun aktivitetar for dei under 20 år. Det vil bli forsøkt opning frå onsdag denne veka. Idrettslaget har også aktivitetar knytt til grupper i svømmehall. Same reglar gjeld her. Berre grupper for barn og unge under 20 år. Det kan vera både idrettslaget  og andre grupper under føresegna at dei er i den rette alderskategorien.

Skjåk Treningssenter:

  1. Opnar f.o.m. onsdag 20. januar.
  2. Maks 5 personar totalt i lokalet. 
  3. Medlemmar må sprite inn og ut av bygget, samt spriting og vask av alt utstyr etter bruk.
  4. Informasjon om tiltaka skal vera godt synleg i lokalet.

Skule:

Skulen er klar til å gå over til gult nivå frå onsdag. Kulturskulen startar opp att, vil følgje gult nivå

Arrangement:

Skjåk kommune oppmodar til at alle arrangement blir utsett. 

Tilsette i Skjåk kommune:

  • Oppmoding om heimekontor for tilsette er uendra etter pressekonferansen. Dersom ein av særskilte omsyn bør møte fysisk kan ein dette under føresetnad av ivareteke smittevern. Treng du å prate (møte) med ein sakshandsamar i Skjåk kommune MÅ du gjere avtale på førehand. Ring sakshandsamar direkte eller ta kontakt med servicetorget: 61 21 70 00.

Skjåk friviljugsentral:

  • Slik det ser ut nå vil det truleg ikkje bli opna for auka aktivitetsnivå med det fyrste, unntaket vil vere aktivitetar for barn og unge etter særskilt vurdering.. Dagleg leiar Jo-André Sperstad Fjeld er tilgjengeleg på e-post: skjaak.friviljugsentral@skjaak.kommune.no og telefon: 900 42 055

Fysioterapitenesta i Lom og Skjåk : 

  • Ingen endring. Fysioterapien er ope, men det er stramma inn på rutinane bl.a. for eigentrening på salen. Skal du eigentrene må du registrere deg i skjemaet som ligg utanfor kontoret inne på fysioterapiavdelinga og vi har satt ei grense på to personar (som eigentrenar) samtidig. Hugs å pass på at du held 2 meter avstand til dei andre i lokalet, at du har reine hender, og spriter over kontaktflater på treningssalen. Minner også om at alle besøkande skal vera symptomfrie. Har du spørsmål ta kontakt på tlf 905 06 257 eller 903 68 940 

Skjåk folkebibliotek:

Opnar frå onsdag denne veka, avgrensing med fem personar om gongen. 

Vaksinering

Koronavaksinasjon i Skjåk - status 19. januar 2021