Ingeniør bygg, 100 % fast stilling

Stillinga er ledig frå 01.09.2018 og er underlagt tenesteområdet for teknisk drift.

Arbeidsoppgåver

  • Byggesaksbehandling
  • Behandling av byggesaker etter plan- og bygningsloven
  • Matrikkelføring
  • Rettleiar i byggesaker
  • Ajourhald av kommunalt byggesaksarkiv
  • Prosjektleiar for byggjeprosjekt
  • Ansvar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av byggeprosjekt
  • Utarbeiding av grunnlag for anbod og kontrahering av entreprenørar
  • Ansvar for økonomi og framdrift i byggeprosjekta
  • Sekretærfunksjon i byggemøter og byggenemnder

     

    Kvalifikasjonar

  • Ingeniør eller sivilingeniør bygg
  • Erfaring som prosjektleiar eller anleggsleiar for byggeprosjekt. Erfaring kan erstatte utdanningskrav
  • Grunnleggjande kunnskap om plan- og bygningsloven
  • Førarkort for bil

Vi ynskjer at du

  • har grunnleggjande kjennskap til bruk av IKT
  • har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • har god skrifteleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
  • har evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og strukturert

Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP

Den som blir tilsett må nytte eigen bil i teneste.

Spørsmål om stillinga kan rettast leiar for teknisk drift Ove John Plassen tlf. 474 52 125.

Søknadsfrist 12. august 2018

Rådmannen

Kontakt

Ove John Plassen
Leiar Teknisk drift
Telefon 61 21 70 00
Mobil 474 52 125