Inntil 18% stilling som lærar for minikarusell og karusell kunst

Klikk for stort bildeStillinga er for tida ei vikarstilling i kulturskulen i Lom og Skjåk. Stillinga kan bli fast. Arbeidsgjevar er Skjåk kommune, men undervisningsstad er i båe kommunar. Arbeidstid er tidleg ettermiddag (SFO-tid) og kveld, samt nokre helgar i løpet av året. Søknadsfrist 22. juni 2021

Kulturskulen i Lom og Skjåk gjev undervisning i musikk, dans, visuell kunst, karusell kunst og minikarusell for born 3-5 år. Rammeplan for kulturskulen «mangfald og fordjuping» er vedteke som kulturskulen sitt styringsdokument. Skulen har kulturskulebasert vurdering for læring som fokusområde.

Arbeidsområde

Minikarusell er for born 3-5 år med føresette. Karusell kunst er for born i 1. og 2. klasse. Båe tilbod er ein del av breiddeprogrammet ved Lom og Skjåk kulturskule. Tilboda krev kompetanse innan musikk, dans og teater. I tillegg må læraren kunne leggje til rette for ein liten bolk med visuell kunst for minikarusell.

  • Undervisning minikarusell og karusell kunst
  • Planlegging og gjennomføring av førestillingar og prosjekt, både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Bidra inn i fagleg utviklingsarbeid
  • Samarbeid med føresette
  • Tverrfagleg samarbeid med kolleger og andre aktuelle samarbeidspartar

 Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-åring relevant kunstfagleg utdanning innan dans, musikk og/ eller teater på høgskule eller universitetsnivå
  • Pedagogisk utdanning, (PPU eller annan høgare pedagogisk utdanning)
  • Førarkort kl. B og disponere eigen bil
  • Godkjent politiattest
  • God norskkunnskap, både skriftleg og munnleg. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk

Relevant jobberfaring kan kompensere for utdanningskravet.

Vi vektlegg at du har

  • Erfaring med pedagogisk arbeid/undervisning av born 3-8 år
  • Kunnskap i å undervise innan både dans, musikk, teater og visuell kunst
  • Evne til å inspirere og formidle, vere engasjert, kreativ og sjå moglegheiter
  • Ei bevisst haldning til det pedagogiske arbeidet saman med elevane
  • Ynskje om å vere med på å utforme og utvikle tilbodet og kulturskulen
  • Evne til å kunne jobbe kreativt og skapande både med elevar, lærarar andre aktuelle samarbeidspartar
  • Evne til å vere fleksibel i høve omstillingar
  • Evne til både å arbeide sjølvstendig og som del av eit team
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • Generell forståing for bruk av informasjonsteknologi

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP

Søkjarlista vil bli offentleggjort.

Spørsmål om stillinga kan rettast til kons. rektor Stian Bøhle mobil 91381446.

Søknadsfrist 22. juni 2021

Kommunedirektøren

Kontakt

Stian Bøhle
Fungerande rektor, Kulturskulen
Telefon 913 81 446
Mobil 906 74 150