Inntil 36% stilling som lærar for fagområde visuell kunst

Klikk for stort bildeStillinga er for tida ei vikarstilling i kulturskulen i Lom og Skjåk. Stillinga kan bli fast. Arbeidsgjevar er Skjåk kommune, men undervisningsstad er i båe kommunar. Arbeidstid er tidleg ettermiddag og kveld, samt nokre helgar i løpet av året. Søknadsfrist 22. juni 2021

Kulturskulen i Lom og Skjåk gjev undervisning i musikk, dans, visuell kunst, karusell kunst og minikarusell for born 3-5 år. Rammeplan for kulturskulen «mangfald og fordjuping» er vedteke som kulturskulen sitt styringsdokument. Skulen har kulturskulebasert vurdering for læring som fokusområde.

Arbeidsområde

Visuell kunst er for born og ungdom frå 3. klasse opp til og med vidaregåande opplæring. Tilbodet er ein del av kjerneprogrammet ved Lom og Skjåk kulturskule. I tillegg er det timar som inngår som ein del av fordjupingsprogrammet ved kulturskulen. Stillinga krev kompetanse innan eit allsidig område som dekkjer visuell kunst i rammeplanen med nasjonal og lokal fagplan for visuell kunst. Stillinga krev og at læraren meistrar undervisning frå nybyrjarnivå til fordjuping.

Stillinga er og knytt opp mot undervisning av bolken visuell kunst for gruppene karusell kunst. Dette tilbodet er ein del av breiddeprogrammet ved kulturskulen for elevar i 1. og 2. klasse. Undervisninga blir gjeve i SFO tid i både Lom og Skjåk.

  • Undervisning i visuelle kunstfag
  • Planlegging og gjennomføring av utstillingar, førestillingar og prosjekter, både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Bidra inn i fagleg utviklingsarbeid
  • Samarbeid med føresette
  • Tverrfagleg samarbeid med kolleger og andre aktuelle samarbeidspartar

 Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-åring relevant kunstfagleg utdanning innan visuell kunst på høgskule eller universitetsnivå
  • Pedagogisk utdanning, (PPU eller annan høgare pedagogisk utdanning)
  • Førarkort kl. B og disponere eigen bil
  • Godkjent politiattest
  • God norskkunnskap, både skriftleg og munnleg. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk

Relevant jobberfaring kan kompensere for utdanningskravet.

Vi vektlegg at du har

  • Erfaring med undervisning av born 6-19 år
  • Evne til å inspirere og formidle, vere engasjert, kreativ og sjå moglegheiter
  • Ei bevisst haldning til det pedagogiske arbeidet saman med elevane
  • Ynskje om å vere med på å utforme og utvikle tilbodet og kulturskulen
  • Evne til å kunne jobbe kreativt og skapande både med elevar, lærarar andre aktuelle samarbeidspartar
  • Evne til å vere fleksibel i høve omstillingar
  • Evne til både å arbeide sjølvstendig og som del av eit team
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • Kunnskap i bruk av digtale verkty i undervisning

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP

Søkjarlista vil bli offentleggjort.

Spørsmål om stillinga kan rettast til kons. rektor Stian Bøhle mobil 91381446.

Søknadsfrist 22. juni 2021

Kommunedirektøren

Kontakt

Stian Bøhle
Fungerande rektor, Kulturskulen
Telefon 913 81 446
Mobil 906 74 150