Kommuneinfluensar i Skjåk kommune
VIl du bli kommuneinfluensar i Skjåk kommune?
wachiwit - stock.adobe.com
Skjåk kommune vil i sommar tilsette ungdom som kommuneinfluensarar, (2-4 stillingar). Dette skal vere eit pilotprosjekt. Kommuneinfluensarane skal bruke fleire kanalar for å nå flest mogleg, med fokus på TikTok, Instagram og Snapchat.
Vi ynskjer innhaldsproduksjon laga av ungdom for ungdom.
Kommuneinfluensar i Skjåk kommune
Vi ser etter deg som:
- er mellom 16-23 år, bur fast i Skjåk eller er frå Skjåk
- er kreativ med interesse og kunnskap innafor innhaldsproduksjon på sosiale media
- tør å vise litt av deg sjølv i sosiale media
- har entusiasme for Skjåk og kva bygda har å by på
- vil jobbe i lag med andre og samarbeide i eit team på to, (gjerne venner)
- likar å treffe folk, er høfleg, venleg og inkluderande
Ein arbeidsdag som kommuneinfluensar kan bestå av å:
- besøke bedrifter der ungdom har sommarjobb, intervjue og lage innhald om desse
- lage spennande innhald som profilerer Skjåk som ein fin stad å bu og besøke, mest retta mot ungdom
Som kommuneinfluensar får du elles:
- spelerom til å forme innhaldet i eiga stilling
- bruke «kommunebilen» i arbeidstida
- tilgang til mobil og PC mm.
- konkurransedyktig løn
Stillinga har ei varigheit på 4-6 veker. To og to kan godt søkje saman, da må ein av søkjarane ha førarkort. Organiseringa vil kunne tilpassast ynskjer frå søkarane.
Om du har spørsmål, ta gjerne kontakt med næringssjef Sølvi L. Hiller, mobil 911 14 550, epost solvi.lemstad.hiller@skjaak.kommune.no
Søknadsfrist 02. april 2023
Kommunedirektøren
Sist endret 13.03.2023 15.00