Konsert og festkveld for frivilligheita i Skjåk - 5. desember i Marlo!

I samband med frivilligheita sitt år, inviterer Skjåk kommune til ein festkveld i Marlo grendehus.

I Skjåk står dugnadsånda sterkt.

Vi har mange frivillige lag og organisasjonar og privatpersonar som gjer alt frå å rydde skiløyper, bygge fjøs, smøre kakuskiver, måker snø, hentar posten for nokon, dansar, syng, handlar for nokon, spelar, legg til rette for å drive idrett og aktivitet, redningsteneste, skyting og mykje meir. Det blir lagt ned utruleg mange årsverk for det frivillige i Skjåk. Så og seie alle bidreg med frivilligheit i smått eller stort. Eit godt samarbeid mellom kommunen og bygdesamfunnet er sentralt for ei god samfunnsutvikling. I Skjåk er vi heldige å ha ein frivilligsentral som koordinerer mykje frivillig arbeid. Å vere frivillig er ein flott måte å bidra til samfunnet. Frivilligheita gjev folk i alle aldrar moglegheit til å møtast, lære, engasjere seg og høyre til i eit fellesskap. Å delta i frivillige organisasjonar motverkar einsemd og fremjar folkehelse.

Festkveld med julekonsert for alle skjåkverar

Frivilligheita er det god grunn for å verdsetja og feire kvart år. Frivilligheita sitt år i 2022 gjev ein ekstra moglegheit til å påskjønne alle som bidreg med frivillig arbeid i smått og stort i Skjåk. Dette gjeld dei aller fleste av oss.

I den samanhengen ønskjer kommunen å leggje til rette for ein triveleg festkveld med julekonsert for alle skjåkverar, den 5. desember i Marlo grendehus.

Skjåkvenen, Sigrid Moldestad kjem saman med Esbjørn Hazelius og Johan Hedin med julekonserten "Vintertonar". Dette håpar vi vil varme godt i mørketida.

Det blir utdeling av Skjåkprisen 2022 og servering.

Påmelding:

Kontakt

Marianne Stensgård
Kultur og omdømme
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702