Oppdatert informasjon 12. mars 2020 kl. 17.00
Regjeringa har i dag sett i verk drastiske tiltak i håp om å stanse viruset. Det vil krevje ein stor innsats av alle innbyggjarane i Noreg, og vi oppmodar kvar enkelt om å respektere og følgje dei retningslinene som er sett i verk. Det er god kontroll på situasjonen i Skjåk, og vi har tru på at dei nye tiltaka skal gjere oss i stand til å handtere situasjonen framover. Heimesidene og FB blir fortløpande oppdaterte.
Alle som kjem frå reiser etter 27. februar i land utanfor Norden skal i karantene i 14 dagar etter at dei kom heim.
Staten har lagt ned utreiseforbod til utlandet for helsepersonell (dei vil få refundert sine utgifter). Forbodet gjeld ut april månad
Detalj- og varehandel blir halde ope, så det er ingen grunn til å hamstre mat.
Skjåk kommune følgjer retningslinene til den norske regjering, Helsedirektoratet, og Fylkesmannen i Innlandet. Sjå tiltak i Skjåk som gjeld frå med no, og til og med 26. mars. Tiltak blir sett i verk no for at vi skal kunne ivareta vitale samfunnskritiske funksjonar *(sjå liste under).
- Alle barnehagar og skule i Skjåk stenger frå og med i dag kl. 18.00.
- Elevar og barnehageborn som har særskild omsorgsbehov, vil det vera eit tilbod til, på skulen gjeld dette elevar på spes.ped. avdelinga. Kontakt leiar/styrar i skule og barnehage.
- Barnehageborn og skuleelevar med båe foreldre i samfunnskritiske funksjonar *, vil få eit omsorgstilbod etter avtale med sin barnehage og skule. Avtal dette med styrar/leiar.
- Alle som treng å hente ting i skule og barnehage kan hente dette i morgon.
For skule, kontakt:
- Trude Teigen 907 58457
For barnehage, kontakt:
- Holemork barnehage: Eli Skjelkvåle 975 04 785
- Dønfoss barnehage: Heidi Jevnheim 901 93 957
- Bismo barnehage: Mogunn Synstnes 482 92 406
-
*Samfunnskritiske funksjonar for Skjåk
• Kriseleiing
• Helse og Omsorg
• Transportfunksjoner
• Redningstjeneste (Ambulanse)
• Forsyningsikkerheit (matbutikk, drivstoff)
• Lov og orden
• IKT og nett
• Vatn og avløp
• Finansielle funksjonar/tenester
• Kraftforsyning
Oppdatert informasjon 12. mars 2020 kl. 08.30
Det blei sett stab i Skjåk kommune 12. mars.
Status per 12. mars er det påvist 1 smittetilfelle i Skjåk, men vedkomande blei raskt fanga opp og sett i karantene. 13 personar sit i heimekarantene og nokre få har arbeidsrestriksjonar, men dette kan auke i løpet av dagen.
Kriseleiinga blei samde om følgjande tiltak for alle i Skjåk kommune:
- Elevane på Skjåk barne- og ungdomsskule: Ungdomssteget, 8.-10. klasse, skal frå og med fredag bli organisert med heimeundervisning via nettet. Småskulesteget og mellomsteget, 1.-7. klasse blir fordelt så langt det let seg gjere i skulebygget slik at det blir god avstand mellom elevane.
- Skulebussen går som normalt, men oppmoder dei som har mulegheit til å køyre barna sjølve om å gjere det.
- Lom og Skjåk kulturskule blir stengt frå og med torsdag 12.mars.
- Skjåkhallen blir stengt for all aktivitet frå og med torsdag 12.mars.
- Kantina på kommunehuset blir stengt frå og med torsdag 12.mars.
- Fysioterapi stenger tenesta frå i morgon fredag 13. mars.
- Servicetorget blir stengt for direkte kontakt frå og med torsdag 12. mars , men telefon blir betjent.
- Kantina på skulen blir stengt frå i morgon fredag 13. mars.
- Besøksforbod på Skjåkheimen oppretthaldast og skjerpast inn.
- Spisesalen på Skjåkheimen skal stengast for alle som ikkje bur på Skjåkheimen. Det blir servert mat i omsorgsbustadene og det vil bli organisert matombringing frå neste veke
- Det blir oppretta ein beredskapsbank med helsepersonell som kan utkallast på kort tid.
- Tannlegekontoret er stengt frå kl. 12.00 i dag , dette er bestemt av Fylkestannlegen.
- Det er kontakt med matvarebutikkar i Skjåk for å organisere "fjernhandel" for personar i karantene. Røde kors stiller om det blir nødvendig med utkøyring.
- Tildelingskontoret er stengt frå og med i dag. Er tilgjengeleg på telefon