Kulturkveld 2017

Mathilde Skamsar fekk tildelt Skjåkprisen for 2017 under kulturkvelden i Marlo grendehus fredag kveld. Anders Haugen vart tildelt Kulturstipendet. (sjå fleire bilete frå kvelden sist i artikkel)

Kulturkveld2017 - Klikk for stort bilde Tom Erik Solstad/Fjuken

Ordførar Elias Sperstad fekk æra av å dele ut årets Skjåkpris og Kulturstipend i eit fullsett Marlo grendehus. Mathilde Skamsar som driv kunst- og handverkbutikken «Galleri Mathilde» i Bøstugu, vart tildelt Skjåkprisen for 2017. Ordføraren overrekte prisvinnaren Kulturprisen 2017 samt ein pengesjekk på 10.000 kroner, diplom og blomster.

Kulturstipendet

Årets Kulturstipendet gjekk til Anders Haugen, bygda sitt nye skyttartalent som fyller 16 år i desember. Ein ny skyttar i Skjåk som hevdar seg i toppsjiktet i Norge. På slutten av sesongen vann Anders Haugen Ungdomsstemnet, som er det største stemnet utanom Landsskyttarstemnet. På NM i rifleskyting skaut han på laget frå Gudbrandsdalen som tok gull på 50 meter liggjande med miniatyr. Kulturstipendet er på 10.000 kroner

Fin underhaldning
Kulturkvelden baud på mykje underhaldning. Sjå bilete.

Skjåk kommune gratulerer båe vinnarane.

Fotograf: K. Hånsnar Fotograf: K. Hånsnar Fotograf: K. Hånsnar Fotograf: K. Hånsnar

Fotograf: K. Hånsnar Fotograf: K. Hånsnar