Ledig stilling som fastlege ved Skjåk legesenter

Skjåk kommune har ledig stilling som fastlege ved Skjåk legesenter frå mars 2019. Fastlegeheimelen har, i tillegg til ansvar for om lag 700 listepasientar og akutthjelp på dagtid frå legekontoret, andre kommunale oppgåver etter nærare avtale.

Vil du spele på lag med desse legane?

Skjåk_legesenter 1 - Klikk for stort bilde

Skjåk legesenter er lokalisert på kommunehuset i Bismo med 3 legeheimlar og turnuskandidat. Skjåk kommune inngår i eit regionalt legevaktsamarbeid mellom dei 6 kommunane i Nord-Gudbrandsdalen. Den regionale legevakta er lokalisert ved Nord-Gudbrandsdal lokalmedisinske senter på Otta.

Krav til kompetanse

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført norsk turnusteneste
  • Gode faglege kvalifikasjonar, evne til samarbeid og samhandling
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Det er ein føresetnad at søkjar meistrar norsk språk godt, både skriftleg og munnleg
  • Søkjar må ha førarkort
  • Ved tilsetting blir det lagt vekt på personlege eigneskapar
  • Politiattest ikkje eldre enn 3 månader

Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med fastløn etter avtale
  • Tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin
  • Pensjonsordning i KLP
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad

For nærare opplysingar, ta kontakt med kommuneoverlege Sondre Bøye, 48294126.

Søknadsfrist  1. november

Rådmannen