Ny plassering av konteinarar ved brannstasjonen i Bismo

Konteinarane for glas og metallemballasje og for papp- og papir er fløtt frå P-plass ved Skjåk kjøpesenter til Brannstasjonen

Konteinarane for glas og metallemballasje og for papp- og papir er fløtt frå P-plass ved Skjåk kjøpesenter til Brannstasjonen. I samband med byggearbeid ved kjøpesenteret måtte konteinarane få anna plassering. 

Kommunen vil be om at det ikkje vert sett att avfall ved sidan av konteinarane. Dei er for innsamling av sortert avfall og ikkje for restavfall. Det er nokre konteinarar for innsamling av hushaldningsavfall frå hytter. Desse er berre for hytter/fritidshus/setrer. I sommar har det vore ein del tilfelle der restavfall har vorte plassert ved sidan av konteinarane. Dette er ulovleg. 

Renovasjon er ei kommunal teneste der gebyra berre skal dekke kostnadene med innsamling (sjølvkostprinsipp). Misbruk av «hyttekonteinarar» vil derfor føre til auka kostnader og auka gebyr for innbyggarane.

Lenke til forurensningsloven § 34  

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145