Nye kommunale gebyr for 2022

AdobeStock photo  

Oversikta i vedlegget (PDF, 258 kB)viser kommunedirektøren sitt framlegg til avgift- og gebyrendringar for 2022. Som hovudregel legg administrasjon til grunn ein auke lik konsumprisindeksen. Konsumprisindeksen dei siste tolv månader er 3,4%.

I gebyrsatsane i vedlegget er prisauken lagt inn, men med nokre unntak. For enkelte område er prosentsatsen
høgare, noko som skuldast at kommunen tidlegare har hatt låge prisar samanlikna med andre kommunar eller at kostnadane har auka. Sjølv med ei slik auke er gebyrsatsane relativt låge, og for enkelte områder ligg det framleis godt under sjølvkost.

Renovasjon har 18% auke på grunn av auka kostnader i NGR. Tenesta skal vera til sjølvkost og kostnadane må derfor dekkast inn. Satsane for vatn, septik og feiing er uendra i 2022, da dette også er sjølvkost-områder og tenestene skal ikkje gje overskot. Når det gjeld husleiger har vi valt å ikkje auke ein del av desse da dei ligg høgt frå før. Omsorgsbustadane på Skjåkheimen er justert ned, da det er endra reglar for å få bustøtte.

Utleigesatsane på idrettsanlegga har også liten eller ingen auke.

Gebyrsatsane (PDF, 258 kB)er delt inn etter tenesteområder. Gebyra er eksklusive merverdiavgift.