Nye nasjonale anbefalingar og regler 24. mars 2021, korona pandemien

Klikk for stort bilde   

Desse nye føringane vil ha betydning for påskebesøk, hotell og servering, arrangement, svømmehall, treningssenter, m.m.

Nye anbefalingar gjeldande frå natt til torsdag 25. mars

  • Éin-meteren blir nå til to-meteren. 
  • Vi anbefaler maks to gjestar på besøk.
  • Dersom du kjem frå eit område med høgt smittenivå, bør du ikkje dra på overnattingsbesøk eller ha overnattingsbesøk. 
  • Du bør redusere sosial kontakt mest mogleg.
  • Vi anbefaler folk å nytte seg av kjøpesenter og varehus i heimkommunen.
  • Vi anbefaler at alle reiser som ikkje er nødvendige vert utsett med desse unntaka:
  • Reiser til arbeid når det ikkje er mogleg med heimekontor.
  • Reiser heim til familien for studentar utan familie der dei studerer.
  • Reiser til hytte saman med eigen husstand.

Nye nasjonale reglar gjeldande frå natt til torsdag 25. mars

  • Det blir forbod mot skjenking av alkohol over heile landet.
  • Det blir forbod med innandørs organiserte idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne
  • Treningssenter skal halde stengt, men kan halde fylgjande tilbod ope: tilbod til dei som er busett i kommunen.
  • Svømmehallar skal halde stengt, men kan halde fylgjande tilbod ope: skulesymjing, organiserte symjekurs og organisert symjetrening for personar under 20 år.
  • Arbeidsgjevar skal sørgje for at tilsette jobbar frå heime på alle arbeidsplassar det er praktisk mogleg.

Myndigheitene anbefaler at alle planlagde arrangement vert avlyst. Dersom arrangement ikkje kan utsettast gjeld desse reglane:

  • Innandørs er det lovleg med 20 personar på arrangement med faste, tilviste sitjeplassar.
  • Innandørs er det lovleg med 50 personar på idrettsarrangement for personar under 20 år som høyrer til idrettslag i same kommune.
  • Utandørs er det lovleg med berre 50 personar på arrangement.
  • Det blir lovleg med 50 personar i gravferd og urnenedsetting når det vert nytta faste tilviste plassar.