Nye nasjonale koronatiltak (som også gjeld i Skjåk)

Adobe Stock photo Regjeringa innførte nye nasjonale tiltak gjeldande frå natt til torsdag 9. desember, og Skjåk kommune forheld seg til dei nasjonale retningslinene.

Meteren er tilbake og påbod om munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde er nokre av dei nye nasjonale tiltaka.

Lokale tiltak (endringar kan komme) 

Svømmehall

Svømmehallen er kun ope for dei under 16 år. Dette er i tråd med smittevernfaglege råd frå regjeringa, grunna kapasitet i garderobene.

  • Barnehage og skule: ope som normalt for barnehage og skule.
  • Offentleg bading: mondagar og tysdagar, er kun ope for barn og unge under 16 år. (Vaksne i følgje med barn er ok.)
  • Private badegrupper: Alle grupper med fleire barn under 16 år med føresette kan bade så lenge gjeldande nasjonale retningsliner kan følgast.

Skule

  • Kommunane skal ved behov igjen ta i bruk trafikkljosmodellen i barnehagar og skular. Utgangspunktet er grønt nivå, med mindre noko anna blir vedteke lokalt. Per i dag i Skjåk er barnesteg og ungdomssteg skilt som to kohorter, men vi er på grønt nivå som betyr at vi held fram slik vi driv nå. Alle arrangement for elevar blir gjennomførte utan foreldre. Det betyr at adventsstundene 10.12 og 17.12 berre blir for elevane. Juleforestillinga som skulle vore 16.12., blir utsett. Den vil bli arrangert så fort nasjonale retningsliner tillet det, og elevane vil få høve til å vise fram det dei har øvd på i desember.

 

Nasjonale forskriftsfesta tiltak (reglar):

Regjeringa innførte nye nasjonale tiltak gjeldande frå natt til torsdag 9. desember. (Som også gjeld i Skjåk)

Munnbind

  • Påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde. Påbodet gjeld òg for tilsette med mindre det er teke i bruk fysiske barrierar.
  • Munnbindpåbod gjeld òg hos frisørar, hudpleiarar og andre ein-til-einverksemder.
  • Det er allereie nasjonal tilråding om å bruke munnbind der det er mykje folk og vanskeleg å halde avstand, til dømes når du skal hente jakka di etter eit arrangement samtidig med mange andre eller på veg ut av eit felles lokale.

Serveringsstader

  • Påbod om at serveringsstaden skal sørgje for at alle kan halde 1 meter avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære. Det skal vere minst 1 meter avstand mellom sitjeplassane, likevel slik at personar i same husstand eller tilsvarande nære kan setje seg nærare kvarandre.
  • Serveringsstader med skjenkjeløyve skal ha sitjeplassar til alle gjester, men det er ikkje eit krav ved kulturarrangement på serveringsstaden.
  • Alkohol kan berre serverast ved borda.
  • Skjenkjestopp klokka 24.00.
  • Serveringsstaden skal registrere kontaktopplysningar til gjester som samtykkjer til det.

Arrangement og samankomstar

  • Maksimalt 20 personar på innandørs privat samankomst på offentleg stad, i lånte eller leigde lokale
  • Minnestunder etter gravferder og bisetjingar kan ha maksimalt 50 personar. Sjølve gravferda blir rekna som eit offentleg arrangement med faste tilviste sitjeplassar, sjå nedanfor.
  • 3 x kohortar av 200 personar med 2 meter avstand mellom kohortane heile tida på offentlege arrangement med faste tilviste sitjeplassar.
  • Maksimalt 50 personar på offentlege arrangement utan faste tilviste sitjeplassar.
  • Ved innandørs arrangement skal det utpeikast ein arrangør som skal ha oversikt over kven som er til stades og gjennomføringa skal vere smittevernfagleg forsvarleg.
  • Skjenkjestopp klokka 24:00 på arrangement med skjenkjeløyve.
  • Arrangøren skal sørgje for at alle som er til stades ved innandørs arrangement, skal kunne halde minst 1 meters avstand til andre som ikkje er i same husstand eller er tilsvarande nære. Det blir gjort unntak for fleire grupper, mellom anna for utøvarar på kultur- og idrettsarrangement, deltakarar på enkelte kurs og dei som er i same kohort i barnehage eller barneskule.
  • På arrangement der alle i publikum sit på faste tilviste plassar er det tilstrekkeleg avstand dersom arrangøren legg til rette for at publikum har minst eitt ledig sete mellom seg på same seterad frå dei kjem til arrangementet. Personar frå same husstand kan setje seg nærare kvarandre etter framkomst.

Smittevernfagleg forsvarleg drift

  • Påbod om smittevernfagleg forsvarleg drift for barnehagar, skular og annan opplærings- og utdanningsverksemd. Kommunane skal igjen ta i bruk trafikklysmodellen. Tiltaksnivået er grønt med mindre det blir vedteke noko anna lokalt. Det kan bli aktuelt å igjen setje alle barnehagar og skular i landet på gult nivå.
  • Desse verksemder skal drivast smittevernfagleg forsvarleg for å kunne halde ope: Bibliotek, underhaldningsparkar, symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, bingohallar, spelehallar, kjøpesenter, butikkar, varemesser, mellombelse marknader og liknande.
  • Dette inneber krav om å sørgje for at det er mogleg å halde minst 1 meters avstand til personar som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære, og at verksemda har utarbeidd rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting.
  • Med unntak av bibliotek, butikkar og kjøpesenter skal verksemdene registrere kontaktopplysningar til dei gjestene som samtykkjer til det.
  • Bransjerettleiarar bør gjeninnførast for mellom anna treningssenter og symjehallar.

Heimekontor

  • Påbod om at arbeidsgivar skal leggje til rette for heimekontor der det er mogleg utan at det går ut over tenester som krev nærvær som er viktig og nødvendig for verksemda, til dømes for å vareta barn og sårbare grupper.

Karantene

Karanteneplikt for nærkontaktar med ein stadfesta smitta kvar det er mistanke om omikron, blir utvida til også å gjelde andre nærkontaktar, ikkje berre husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.

Råd og anbefalingar

Avstand og sosial kontakt:

  • Alle bør halde 1 meters avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.
  • Tilrådinga gjeld ikkje barn i barnehagar og barneskular. Det er og unntak for vaksne som jobbar med tenester for barn og unge og sårbare grupper.
  • Ein bør ikkje ha fleire enn ti gjester heime utover eigen husstand. Ein kan ha inntil 20 gjester ein gong i løpet av jule- og nyttårshøgtida, men det bør vere ein meters avstand mellom gjestene. Alle må tenkje gjennom kor mange nærkontaktar ein har samla sett.
  • Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort/klasse/avdeling sjølv om det overstig anbefalt tal på gjester.
  • Reduser talet på nærkontaktar, men ikkje isoler deg.
  • Treff andre utandørs når det er mogleg.

Organiserte fritidsaktivitetar

  • Fritidsaktivitetar bør gjennomførast utandørs så langt det er mogleg, og garderobar bør haldast stengt.
  • Ved organiserte fritidsaktivitetar innandørs blir det tilrådd at vaksne over 20 år er i grupper på inntil 20 personar. Vidare blir det tilrådd at vaksne innandørs held avstand der det er mogleg for å utøve aktiviteten, og at ein held 2 meter avstand ved høgintensiv trening.
  • Det blir gitt ikkje konkret tilråding om avstand og mengd når barn og unge under 20 år trenar og deltek på idretts-, kultur- og fritidsaktivitetar.
  • Toppidrett kan gjennomførast som normalt.

Skular, barnehagar og SFO

  • Jamleg testing i skular med høgt smittetrykk.
  • Kommunane skal ved behov igjen ta i bruk trafikklysmodellen i barnehagar og skular. Utgangspunktet er grønt nivå, med mindre noko anna blir vedteke lokalt. (Les meir om dette på regjeringen.no.)
  • Det kan arrangerast samankomstar for barn i barnehage eller barneskule med heile klassar/avdelingar/grupper med nødvendig talet på vaksne til stades.
  • Universitet, høgskular og fagskular bør så raskt som praktisk mogleg innføre undervisning i mindre grupper og meir digital undervisning. Studentar som er avhengige av å gjennomføre forsøk i laboratorium eller ferdigheitstrening, bør prioriterast for fysisk undervisning.
  • Universitet, høgskular og fagskular bør leggje til rette for eksamen og obligatoriske kurs, anten digitalt eller fysisk der det er praktisk mogleg med godt smittevern. Det same gjeld for andre utdanningsinstitusjonar for vaksne.

Arbeidsliv

  • Tilråding om 1 meters avstand og auka bruk av heimekontor.
  • Tilråding om munnbind om det ikkje er mogleg å halde avstand, med mindre det er teke i bruk fysiske barrierar som skiljevegger eller liknande.
  • Heimekontor og munnbind gjeld ikkje for tenester der dette er til hinder for at tilsette kan utføre nødvendige og lovpålagde oppgåver i møte med sårbare grupper og barn og unge.

Lufting

  • Det blir tilrådd god ventilasjon/lufting i situasjonar der ein oppheld seg i same rom over tid med personar som ikkje er husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.

Testing og testalternativa i kommunen

Vi ber samstundes om at innbyggjarane i Skjåk har låg terskel for å teste seg ved utvikling av luftvegssymptom. 

  • Teststasjon (PCR-test): på Skjåk legekontoret måndag til fredag kl 10. Du må ringe 61 21 71 00 for bestilling av time 
  • Hurtigtest: Sjå kor du kan kjøpe hurtigtestar. For dei som testar positivt på hurtigtest skal dette innrapporterast på telefon til legekontoret i opningstida. Minner om at alle som har tatt ein positiv heimetest eller får symptom etter at ein har vore i nærkontakt med ein smitta må ta kontakt med legekontoret og ta ein PCR-test.
  • Skjåk kommune oppfordrar innbyggjarar til at ein i hovudsak vel å ta ein PCR-test når ein skal teste seg for koronavirus, då dette er den mest følsomme testen. Forskning syner at hurtigtestane er positive hjå 44 - 95 % av dei smitta. Kor god testen er vil og vere avhengig av testtidspunktet, og kor mykje virus ein har i luftvegane. Det er størst sjanse for å få eit rett svar på ein hurtigtest dersom ein testar seg same dag som symptoma startar. Les meir om testing i Skjåk

VIKTIG OM HURTIGTESTAR: Hurtigtestane/sjølvtestane tåler ikkje minusgrader. Produkta bør derfor ikkje oppbevarast utandørs. Hurtigtestar tåler berre temperaturar mellom 2-30 grader. 

Det aller viktigaste nasjonale smitteverntiltaket er vaksinering. Dette har høgaste prioritet i heile landet. Det er aldri for seint å ta 1 eller 2 dose, og vi oppmodar på det sterkaste alle å vaksinere seg.