OPPDATERT! Varsel om flaumfare, oransje nivå for fjellområda nordvest i Sør-Norge.

Skamsarbrua ved RV15, måndag 27. juni 2022 - Klikk for stort bildeSkamsarbrua ved rv15, måndag 27. juni 2022 Skjåk kommune Oransje nivå for flaum i elvar og bekkar i fjellområda nordvest i Sør-Norge. Kommunen følgjer med på situasjonen

 VARSOM.NO varslar farevarsel oransje frå 27. juni. Oransje nivå for flaum i elvar og bekkar i fjellområda nordvest i Sør-Norge. Kommunen følgjer med på situasjonen. Sjå fleire bilete frå i dag i artikkel.

Skjåk kommune oppmodar innbyggjarane framleis om å fjerne gjenstandar og utstyr som ligg lagra ved elvekanten. Det oppmodast om at innbyggjarane held seg unna elver og bekkar med stor vassføring. Skjåk kommune følgjer situasjonen fortløpande, og har beredskap dersom det er behov.

Teknisk vakt i Skjåk kommune kan kontaktast på:

  • tlf 909 77 628

dersom det er spørsmål i samband med kommunale vegar og kommunalt vatn og avløp.