På besøk på Ottadalen Mølle

besøk på Ottadalen Mølle - Klikk for stort bilde

Torsdag 17. august var flyktningane som går på introduksjonsordninga i Skjåk på besøk på Ottadalen Mølle, avdeling Ofossen og fekk ei interessant orientering av Nils Arne Fosstuen om byggkornet fram til ferdig produkt .

Så var vi på det nye reinseanlegget der vi vart motteken av Mathias Slettede som synte oss dei forskjellege prosessane vatnet må gå gjennom for å bli reinska og slept ut i Otta-elva.

Alle sette pris på dei flotte orienteringane vi fekk. Takk for at de tok i mot oss.

 

besøk på Ottadalen Mølle - Klikk for stort bilde M. Øvrelid besøk på Ottadalen Mølle - Klikk for stort bilde M. Øvrelid