Pasient med påvist koronavirus døydde på Skjåkheimen i dag

Skjåkheimen sjukeheim E. Starrem  

Kommuneoverlege Sondre Bøye kan informere om at ein pasient på Skjåkheimen døydde på morgonen i dag, 23. oktober. Sjølv om pasienten hadde alvorleg underliggande sjukdom, vurderar behandlande lege dødsårsaken til å vera Covid-19. Den avdøde pasienten var fullvaksinert og testa positivt på koronavirus i går, 22.10.

Pasienten har etter innlegginga på Skjåkheimen kun vore i kontakt med fullvaksinert helsepersonell og det er usikkert kvar pasienten vart smitta med viruset. Det vil bli arbeidd vidare med oppklaring av dette gjennom helga.