Program 17. mai

Klikk for stort bilde  

DIREKTE SENDING

17. mai 2020 blir ikkje som vanleg, men 17. mai-komiteen har laga eit program vi håpar både innbyggjarane i Skjåk, og alle andre vil like. Alt blir streama via nettet. Du finn streamen (video) her på heimesida og på facebooksida til Skjåk kommune.

Program 

  • Kl. 09.55 - Direktesending gudsteneste i Skjåk kyrkje. Messa er ikkje ope for publikum.
     
  • Kl. 10.35 - Direktesending frå Bismo med :
    • 17. mai-tog m/korps.
    • Veteranbiltog og traktorparade
    • videoinnslag - Kulturelle frå Lom og Skjåk kulturskule
    • videoinnslag - UL Fram
    • videoinnslag - Barnehagene i Skjåk (Dønfoss, Bismo og Holemork)
    • videoinnslag - 1. klasse ved Skjåk barne- og ungdomsskule
    • videoinnslag - Reiselivsdestinasjoner
  • Kl. 11.45 - 12.15 - Program frå Sansehagen på Skjåkheimen:(NB:Sansehagen ikkje er open for publikum)
    • Lom og Skjåk Brass og Lom skulekorps spelar
    • Ordførar Edel Kveen ynskjer velkomen
    • Skjåk Songlag syng
    • Dagens tale ved ordførar Edel Kveen
    • Skjåk songlag syng "Ja, vi elsker"

Om programmet

Det blir tog gjennom Bismo med det store norske flagg, kommunefana og korpset. Vi oppmodar folk i Bismo om å kome ut i hagane og sjå på toget som passerar. Ta gjerne med flagg! Det blir ei enkel markering i sansehagen på Skjåkheimen. Her blir det korpsmusikk, dagens tale og korsong. Det blir kulturelle videoinnslag gjennom dagen på streamen (på den direkte videosendingen). Har du tilgang på FM-radio kan du høyre lyden av Skjåk kommune si sending ved å stille FM-nettet inn på frekvensen 106,80.

Veteranbiltoget og traktorgjengen kjem til å køyre kortesje saman etter toget i Moavegen, opp Bispevegen og opp til Skjåkheimen. Alle saman vil starte frå Skeimoplassen, og køyre til Skjåkheimen. Frå der deler dei seg på rute vestover til Bråtå og austover via Lundagrenda til Staurust og Ysteriet.

Togrute m/kart

Oppstart framfor hovudinngangen på kommunehuset, austover Moavegen,og  fylgjer Speidarvegen ned til Bispevegen. Deretter vestover mot Skjåkhallen, ned til Skamsarvegen opp til Bismotunet og Skjåkhallen, opp til kjøpesenteret, vestover riksveg 15, opp ved omsorgsbustadane, rundt på framsida av Skjåkheimen og inn i sansehagen.

Klikk for stort bilde