Reguleringsplanforslag for Øyberget næringsområde til offentleg ettersyn og høyring. (Ny høyringsfrist, 05. desember)

Planbeskrivelse Øyberget næringsområde_1H.jpg - Klikk for stort bildePlanbeskrivelse Øyberget næringsområde Skjermdump av planbeskrivelse

Frist for å kome med uttaler til planforslaget er sett til 05. desember 2022.

Reguleringsplanforslag for Øyberget næringsområde til offentleg ettersyn og høyring.


Skjåk formannskap gjorde 20. september i sak 2022/65 vedtak om å legge forslag til detaljreguleringsplan for Øyberget næringsområde med planid. 34330002 ut til offentleg høyring og ettersyn. 

Hovudformålet med planforslaget er å legge arealet på massetippen ved Øyberget kraftverk til rette for næringsutbygging. Reguleringsplanforslaget legg i samsvar med kommuneplanen, til rette for å etablere lettare industri, verkstad og lagerverksemd på næringsareala som er lagt ut i planforslaget. I planforslaget er det definert at datalagringssentral fell innafor omgrepet lett industri på vilkår av at eventuell slik verksemd blir etablert med løysingar som gjev lite støybelastning mot omgjevnaden. Det er avsett eit eiga område på tippen, der nytt høgdebasseng kan etablerast for oppgradering og etablering av VA-nett i området.

I samsvar med kommuneplanens arealdel er det regulert inn ny tilkomstveg til det nye næringsområdet. På arealet mellom den nye tilkomstvegen og fylkesvegen, er det føreslege regulert inn 9 tomter for fritidsbustadar på grunn til Skjåk Almenning. Dette er også i samsvar med arealbruk som er fastsett i kommuneplanens arealdel.

Reguleringplanforslaget omfattar elles innregulering av ein ny parkeringsplass på sørsida av fylkesvegen aust for den austre avkøyringa til Dønfoss camping/utlaupet frå Øyberget kraftverk. Den planlagde parkeringsplassen skal kunne nyttast av allmenta som erstatning for areal som er føreslege regulert for næringsformål på den nedre tippflata, og som i dag er ein del nytta for parkering av folk som skal på tur. 

Ved behandlinga i formannskapet (planutvalet) i Skjåk 20.09.2022 (sak nr. 2022/65), vart det gjort vedtak om at ein ønska gang- og sykkelveg på hele strekningen frå RV15 fram til den nye tilkomstvegen til det nye næringsområdet. I tråd med dette vedtaket er det lagt inn gang- og sykkelveg på strekninga langs fylkesvegen innafor grensene for planområdet. Ein eigen reguleringsplan som er under utarbeiding av Felles plankontor for Lom og Skjåk kommunar, vil omfatte strekningen med gang- og sykkelveg frå RV15 fram til planområdet "Detaljregulering for gang- og sykkelveg Dønfoss Nord", planid. 34330006).

Ved behandlinga i formannskapet,  vart det dessutan gjort vedtak om at det må liggje føre etiske retningsliner godkjent av formannskapet før eventuell etablering av datalagringssentral i næringsområdet. Utforminga av retningsliner knytt til datalagringssentral skjer utanom reguleringsplanbehandlinga, og er ikkje gjenstand for høyring i denne plansaka.

Reguleringsplanområdet er totalt på ca. 115 dekar og omfattar deler av arealet på følgjande eigedomar: GID 246/1, GID 246/67 og 252/13.

Planforslaget omfattar følgjande dokument:

Desse dokumenta ligg som vedlegg, saman med sakspapir frå behandling i Hovudutval for miljø og samfunnsutvikling og Formannskapet (planutvalet). 

Høyringsdokumenta ligg også til gjennomsyn på kommunen sitt servicetorg og på biblioteket.

  • Frist for å kome med uttaler til planforslaget er sett til 05. desember 2022. Uttalar sendast Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 Skjåk, eller på e-post til: post@skjaak.kommune.no. Merk uttalen med sak nr. 2022/129.
  • Spørsmål om reguleringsplanarbeidet, kan rettast til Felles plankontor for Lom og Skjåk kommunar v/Øyvind Pedersen, tlf. 47333678 eller på e-post:  oyvind.pedersen@lom.kommune.no
     

Kontakt

Øyvind Pedersen
Arealplanleggar
Mobil 473 33 678