Rekneskap og årsmelding 2017

Rekneskapen til Skjåk kommune syner eit netto driftsresultat korrigert for momskompenasjon på 2 790 731 kroner, som utgjer 1,2 % av driftsinntektene.  Resultatet er i samsvar med handlingsregel for 2017. Overskotet vart 2 359 642 kroner.

Utsikt mor Rauddalen i Skjåk - Klikk for stort bilde

Skjåk kommune har god likviditet, høg kvalitet på tenestene, fleire anlegg med høg standard og godt med næringsmidlar. Samtidig  har kommunen store utfordringar, spesielt frå 2019,  med nye avdrag, fleire større investeringar, redusert eigedomsskatt og reduserte overføringar på grunn av færre innbyggarar. I løpet av 2018 har vi fått nye utfordringar på kostnadssida, men god styring og nøktern ressursbruk  i mange tenester gjer at vi styrer innanfor rammene.  

Det er lagt opp til at kommunestyret skal handsame rekneskap og årsmelding 2017 i april - etter gjennomgang frå revisjon, uttale frå kontrollutval og tilråding frå formannskap.

Du finn årsmeldinga og rekneskapen her: 
https://www.skjaak.kommune.no/tenester/okonomi-og-skatt/okonomi/