Sjukepleiar, 100 % stilling

AdobeStock_420841412  - Klikk for stort bilde Adobe Stock foto Ledig 100 % stilling som sjukepleiar heimesjukepleia. Stillinga er ledig frå dags dato. Stillinga er for tida i 3-delt turnus.

Arbeidsområde

Arbeidsområde er i pleie og omsorg, for tida ved heimesjukepleia. Skjåk kommune har godt utbygd heimesjukepleie og praktisk bistand, og har over lang tid satsa på å byggje ut omsorgsbustader som ligg sentrumsnært. 14 av bustadane ligg under same tak som sjukeheimen. Det er god sjukepleiedekning, og talet på tilsette med fagutdanning er høg. Skjåk kommune har stort fokus på å utvikle heimetenestene og har eit fagorientert miljø. Det er nær samhandling mellom heimetenesta og sjukeheimen. Skjåk kommune prioriterer lokalt og interkommunalt utviklingsarbeid.  

Kvalifikasjonar

  • Godkjent sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • Førarkort klasse B
  • Godkjent politiattest

Vi vektlegg at du

  • Likar å arbeide med eldre og arbeider for å oppretthalde bebuarane sin kvardagsmestring
  • Ivaretek bebuararane sine medisinske behov saman med tilsynslege og samhandlar med spes.helsetenesta
  • Er fagleg engasjert og vil halde deg oppdatert
  • Viser fleksibilitet i høve til omstillingar, er løysningsorientert og kan prioritere i ein travel kvardag
  • Samarbeider med pårørande
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Har erfaring frå liknande arbeid
  • Har godt humør og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
  • Har generell forståing for bruk av informasjonsteknologi
  • Dokumenterer i høve til lover og forskrifter

Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP

Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobil 489 97 924.

Søknadsfrist  29. mai 2022

Kommunedirektøren

Kontakt

Ingvild Mork
Tenesteleiar Skjåkheimen og heimesjukepleie
Telefon 61 21 71 88
Mobil 489 97 924