Skjåk kommune lyser ut middel til tiltak retta mot vilt, fisk og friluftsliv

alt="" - Klikk for stort bilde Tor Taraldsrud

 

Skjåk kommune lyser ut middel til tiltak retta mot vilt, fisk og friluftsliv

I fylgje konsesjonen for utbygging av Øvre Otta, Framruste, Øyberget og Breidalsoverføringa, får Skjåk kommune om lag 85.000 kroner kvart år til tiltak som kjem inn under område fiske, vilt og friluftsliv. Midla skal fyrst og fremst brukast i dei område som er utbygde for å kompensere skader og ulemper. Midla skal fortrinnsvis brukast til investeringstiltak.

Søknaden skal innehalde:

  • Omtale av tiltaket
  • Framdriftsplan
  • Budsjett og finansiering med søknadsbeløp og totalkostnad
  • Kven har nytte av tiltaket (tiltak som mange har nytte av vil bli prioritert)
  • Kontonummer evt beløp skal inn på

Les Retningsliner for bruk av fondet.

Søknadsfrist: 1. februar 2023

Send søknad til : post@skjaak.kommune.no / Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 SKJÅK

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145