Skulestart med gratis kantinemat på ungdomsskulen i Skjåk

Klikk for stort bilde

Alle skulane i Skjåk har oppstart måndag 21. august.

Spesielt nytt for dette skuleåret er at det blir gratis kantinemat for alle elevar i ungdomskulen frå skulestart.

Gratis kantinemat i ungdomsskulen i Skjåk

Som konkret tiltak for å redusere sosiale skilnader og hindre utanforskap er gratis kantinemat til alle elevar i ungdomsskulen innarbeidd i økonomiplanen med verknad frå skulestart hausten 2017. Gratis kantinemat er i tillegg eit viktig folkehelsetiltak som fremjar sunt kosthald, auka trivsel og auka konsentrasjon for læring.

Det er eit grunnleggjande prinsipp at den offentlege grunnskuleopplæringa skal vera gratis. Gratisprinsippet skal sikre at alle elevar får opplæring uavhengig av familien sin økonomiske situasjon. Lova er tydeleg på at kommunen ikkje kan krevje at elevar eller foreldre dekkjer utgifter til undervisningsmateriell, transport i skuletida, leirskuleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskuleopplæringa. Kantinemat kjem ikkje inn under gratisprinsippet, men her er det tydeleg at kommunen ved å ta betalt skaper ein arena med utanforskap fordi ikkje alle familiar ikkje ser seg råd til å betale for tenesta. Og det er gjerne slik at det er dei familiane som har dårlegast råd som vil ha mest nytte av det gode kosthaldet som kantinen tilbyr. Ved å tilby gratis kantinemat til alle elevar unngår ein også stigmatisering av mindretalet som har dårleg råd.

Menyutkast, veke 34, kan du sjå her: (...og ny variert vekemeny kvar veke)

Klikk for stort bildeKantinemeny veke 34

Kontakt

Trude Teigen
Rektor, Skjåk barne og ungdomsskule
Telefon 61 21 70 00
Mobil 907 58 457