Søknadsfrister for motorferdsel i Reinheimen

Snøscooter 1 - Klikk for stort bilete

Søknadsfrist vintersesongen er 1. desember.

Motorferdsel er i utgangspunktet forbode i Reinheimen. Verneforskriftene opnar for at forvaltningsstyresmakta kan gje dispensasjon til ulike formål etter søknad, på visse vilkår. For meir informasjon sjå Reinheimen Nasjonalparkstyre si heimeside

Kva tiltak som kan søkast om går fram av forskrifta for det aktuelle verneområde.

Søknadsskjema og frist

Ved søknad om motorferdsel skal elektronisk søknadsskjema nyttast. Søknadsfrist vintersesongen er 1. desember.