STERK VIND I VENTE - oransje farevarsel!

Skjermdump/YR.NO Det er sendt ut oransje farevarsel om vind i Skjåk i ettermiddag og natt til måndag. Ta ein sjekk på eigedomen om det er gjenstandar som må sikrast.

STERK VIND I VENTE

Det er sendt ut oransje farevarsel om vind i Skjåk i ettermiddag og natt til mandag.

Du bør nytte dagslyset til å ta ein sjekk på eigedomen om det er gjenstandar som må sikrast. Du bør også sjekke lommelyktene og ta fram stearinlysa, då straumbrudd kan vere ein av konsekvensane ved så sterk vind. Medan vinden er på sitt verste bør du halde deg inne.

Skjåk kommune har budd seg ved å sjekke over bygningane våre. Mykje av den førebuinga fekk vi tatt allereie då ekstremvêret Gyda blei varsla. Om du er på hytta og har planar om å reise heim i ettermiddag vil vi oppmode om å dra heim før uværet kjem. Det er viktig å halde seg oppdatert om været via internett/radio/TV.