Tilkallingsvikarar i dei kommunale barnehagane

Bismo barnehage - Klikk for stort bilde Skjåk kommune Vi treng fleire tilkallingsvikarar i dei kommunale barnehagane. Her kan det bli aktuelt både med enkeltdagar og lengre perioder ved sjukefråvær og ferieavvikling.

Om du er interessert i å stå på vikarliste, men ikkje kan jobbe kvar dag, ber vi deg skrive kva for vekedagar du er tilgjengeleg.

Kvalifikasjonar

  • Det er ynskjeleg med utdanning som barnehagelærar eller relevant fagbrev, men ikkje krav
  • Alle som skal arbeide i barnehagen må leggje fram godkjent politiattest

Vi vektlegg at du har

  • har arbeidserfaring frå barnehage eller anna arbeid med barn og unge
  • har gode samhandlingsevner
  • kan arbeide sjølvstendig
  • har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk

Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP

Spørsmål kan rettast til Mogunn Synstnes, styrar Bismo barnehage, 903 66 941 eller Heidi Jevnheim, Dønfoss naturbarnehage  90 19 39 57.

Søknadsfrist 26. november 2020

Kommunedirektøren

Kontakt

Mogunn Synstnes
Styrar Holemork og Bismo barnehage
Telefon 61 21 70 71