Tilskott til utvikling av helse- og velferdstenestene i Skjåk kommune

Skjåk kommune har søkt og fått tilsegn om statlege og fylkeskommunale tilskott til ulike satsingsområde innan folkehelse og helse- og velferdstenestene

Skjåk kommune har søkt og fått tilsegn om statlege og fylkeskommunale tilskott til ulike satsingsområde innan folkehelse og helse- og velferdstenestene.  Helsedirektoratet har innvilga tilskott på kr 547 000 til helsestasjonen til prosjektet «Forsterking av psykisk helse blant barn og unge og deres familier». Oppland fylkeskommune har løyvd kr 70 000 i «Tilskott til utvikling av tverrsektorielt folkehelsearbeid». NAV Lom og Skjåk har som einaste NAV-kontor i Oppland fått innvilga kr 250 000 frå Arbeids- og velferdsdirektoratet til tiltaket «Hvordan bryte arven i forhold til bruk av sosiale tjenester?». I tillegg får kommunen kr 215 000 i kompetansemidlar frå fylkesmannen til m.a. vidareutdanning i psykisk helse og rus.

Skjåk kommune har stort trykk på utvikling og forbetring av helse- og velferdstenestene, og dei statlege og fylkeskommunale ­midlane som totalt sett utgjer nesten 1,1 mill. kr kjem godt med.