Les også:
Kommunale vatningsrestriksjonar - Informasjon til kommunale abonnentar
Det er sannsynleg at vi i år må innføre fleire vatningsrestriksjonar i Skjåk kommune i tida som kjem. Dette er ikkje noko vi ønskjer men vi må følje med på situasjonen til ein kvar tid og gjere tiltak der vi må. Situasjonen no er mest utfordrande i Bismo. Vatningsrestriksjonar blir sendt ut på SMS og e-post til dei det gjelder, i tillegg ligg det informasjon på heimeside.
I år kan vatningsrestriksjonar komme tidlegare ein før, dette er fordi at det er låg grunnvasstand. Det er også pågåande arbeid med flaumforbygging i Bismo som gjer at vi må forhøgde aktsomheita omkring drikkevassforsyninga i Bismo når arbeidet pågår.
Kvifor er det slik?
Vi må prioritere forsyning av reint drikkevatn til abonnentar, det skal også være nok drikke vatn til oss. I tilfelle brann må vi ha nok vatn til å sløkke brannen med, ved ein brann blir det også nytta kommunalt vatn til sløkking og vi må ha reserve i vassforsyning til dette.
Det er også slik at kommunalt vatn og avløp er regulert etter sjølvkost prinsippet, det vil si at kommunen kan ikkje tene pengar på vatn og avløp, det er kommunale abonnentar som må bære kostnaden ved produksjon av vatn, og dette gjeld også utbyggingar og vedlikehald, så auka forbruk betyr auka kostnader.
Kva kan du gjere?
Det viser seg at vi bruka meir og meir vatn i Norge, slik er det i Skjåk også. Difor er det tilrådd at innbyggarar må tenke alternativt med hagevatning i staden for å nytte reinsa drikkevatn til vatning, det kan t.d. være å samle opp regnvatn frå takrenner i behaldarar som du kan vatne med eller andre løysingar. Huseigarar må sjekke om det er vasslekkasjar på sin eigedom, toalettet er ein typisk stad som kan ha vasslekkasje utan at vi tenker over det.