Vedtekter SFO på høyring. Høyringsfrist 30. november 2022

Skjåk kommune - vedtekter SFO, forslag til høyring

Saksutgreiing

SFO – ordning vart etabler ved skulane i Skjåk i 1997. Det vart då utarbeida "Prinsipp og retningsliner for SFO-ordninga" same år. Desse vart evaluert og revidert i 2007.
Det blir no lagt fram forslag til nye vedtekter for SFO.
Kommunedirektøren foreslår at desse blir sendt ut til foreldre i SFO og FAU på høyring.

Vurdering

Det er skjedd viktige endringar i SFO dei siste åra. Bruken av SFO har auka betydeleg. SFO nyttar no andre lokale i tillegg, og aktiviteten innomhus må gjennomførast på annan måte en før.

Det er fleire endringar frå sentralt hald.

  • Nasjonal rammeplan for SFO, sist revidert 2021.
  • Foreldrebetaling avgrensa til 6% a hushaldet si inntekt.
  • 2 timars gratis SFO for 1. lassingar.
  • Krav om politiattest for tilsette

Forslaget til dei nye vedtektene tek opp i seg dei endringar som gjeldande for SFO- ordninga.
Det er i tillegg lagt til forslag om søskenmoderasjon, og det er forslag om å gjere sommar- SFO til ei fast ordning. Det er og forslag om å innføre eit tillegg for "for sein henting".

Det blir forslege at tilbodet blir delt i inntil 15 timar i veka som "halvdagstilbod/deltidstilbod" og inntil 24 timar i veka som "heildagstilbod/heiltidstilbod".

Kommunedirektøren si tilråding

Forslag til nye vedtekter for SFO blir sendt ut på høyring til FAU, og lagt ut på Skjåk kommune si heimeside.

Høyringsfrist blir satt til 30. novemberInnspel kan sendast til Unnvald Bakke

Vedlegg:

Kontakt

Unnvald Bakke
Kommunalsjef Oppvekst og utdanning
Telefon 61 21 70 00
Mobil 971 12 074