Verdas aktivitetsdag 10. mai

Verdas aktivitetsdag 10. mai

Verdas aktivitetsdag vart etablert i 2003 som eit globalt tiltak for å auke fysisk aktivitet og dermed betre folk si helse.

Fysisk aktivitet fremmer helse, gjev overskott og er eit viktig og veldokumentert verkemiddel i førebygging og behandling av ulike diagnosar og tilstandar. Det føreligg overtydande dokumentasjon om helsegevinstar ved regelmessig fysisk aktivitet i alle aldersgrupper.

Ergo- og fysioterapitenesta Lom og Skjåk oppmodar alle til å ha litt ekstra fokus på fysisk aktivitet 10. mai.

Her kjem nokre tips:   

Fysisk aktivitet for barn og unge

  • Barn og unge bør vere i fysisk aktivitet minimum 60 minutt kvar dag.
  • Le​gg til rette for glede, sosialt fellesskap og meistring gjennom alle fire årstider. Bruk naturen som ligg nær oss.

Fysisk aktivitet for vaksne og eldre

  • Vaksne og eldre bør vere fysisk aktive i minimum 150 minutt med moderat intensitet, eller 75 minutt med høg intensitet kvar veke, eller ein kombinasjon av moderat og høg intensitet.
  • Øvingar som gjev auka muskelstyrke til store muskelgrupper bør utførast to eller fleire dagar i veka.
  • Eldre med nedsett mobilitet, personar som er ustø, tilrådast i tillegg å gjere balanseøvingar og styrketrening tre eller fleire dagar i veka.

Fysisk aktivitet for gravide

  • Gravide bør delta i fysisk aktivitet av moderat intensitet i minst 150 minutt i veka.

Stillesitting – avgrens tida du sit i ro

  • Tida i ro bør avgrensast, og delast opp med meir aktive periodar.
  • Å ta seg mikropauser – gå ein tur rundt huset og kjenne på lufta, høyre på lydane – det er tilstrekkeleg for å få ein variasjon og avgrense tida i ro!

Ergo- og fysioterapitenesta Lom og Skjåk håpar du får ein fin og aktiv dag.