Vikarstillingar som lærarar skuleåret 2021/2022

Klikk for stort bildeVi har ledig vikarstillingar som lærarar i inntil 200 % frå 01.08.2021 til 31.07.2022, for tida på Skjåk barne- og ungdomsskule. Stillingane er knytte til både barne- og ungdomssteg. Andre stillingsstorleikar kan også bli ledige.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning
  • Den som vert tilsett må leggje fram godkjent politiattest
  • Fagynskje er musikk, kroppsøving / norsk / matematikk, spesialpedagogikk, tysk

Vi ynskjer at du

  • er fleksibel i høve til omstillingar
  • er ein person med evne til å arbeide målretta både sjølvstendig og i team
  • er ein person med interesse for fag og fagutvikling
  • har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
  • har grunnleggjande kjennskap til bruk av IKT

Vi tilbyr

  • Aktivt læringsmiljø med fokus på bruk av naturen i nærområdet
  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
  • Pensjonsordning

Spørsmål om stillinga kan rettast til Trude Teigen  mobil 90758457.

Søknadsfrist 15.04.2021

Kommunedirektøren

Kontakt

Trude Teigen
Rektor, Skjåk barne og ungdomsskule
Telefon 61 21 70 00
Mobil 907 58 457