Vil du bli lærling i Skjåk kommune?

Klikk for stort bilde

Søknadsfrist 8. mars 2019

Skjåk kommune vil ha nye lærlingar

Kvar haust vil kommunen ta inn fleire nye lærlingar, og det er fleire aktuelle fag i forhold til læreplassar. Vi ynskjer å ta inn inntil 4 nye lærlingar i 2019 i aktuelle fag som: Helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar, kontor- og administrasjonsfag og ikt-servicefag.

Lærlingane er svært positive for arbeidsmiljøet, rekruttering av ungdom blant erfarne medarbeidarar er positivt. Lærlingane er verdifulle og produktive medarbeidarar, og kommunen får tilskot frå Fylkeskommunen som er med å finansiere lærlingordninga. Kommunen tek eit samfunnsansvar ved å bidra til at ungdom kan skaffe seg fagutdanning. Mange av dei tilsette kommunen har i dag har vore lærlingar i Skjåk før dei fekk fast jobb. Ta kontakt med Skjåk kommune viss du ønskjer meir informasjon. Vi håpar på mange gode søkjarar og eit spennande lærlinginntak.

Søknadsfrist 8. mars 2019. Spørsmål kan rettast til personalkonsulent Elin Bakke, mobil 99756690, epost: elin.bakke@skjaak.kommune.no

SØK HER

Kontakt

Elin Bakke
Personalkonsulent
Telefon 61 21 70 00
Mobil 997 56 690