eDialog- sikker brevsending

Skjåk kommune har tatt i bruk eDialog. Med den kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk, sjølv om dei er unnateke offentlegheit.

Vi oppmodar til bruk av eDialog

Epost er ikkje ein sikker kanal for å sende frå seg informasjon. Uvedkomande kan få tilgang, epost kan bli stoppa i søppelfilter og saksbehandlaren du ønskjer å nå fram til kan vere borte over tid. Vi vil difor oppmode alle om å bruke eDialog når dei skal sende noko til Skjåk kommune, også når det ikkje er unnateke offentlegheit.

eDialog sender informasjonen kryptert og er såleis langt sikrare enn vanleg e-post.

Framgangsmåte

Klikk her for å sende oss noko via eDialog.

Deretter må du autentisere deg sjølv, anten med ID-porten, bankID, bankID på mobil, minID, Buypass ID eller Commfides. Når du er logga på, fyller du ut skjemaet og legg ved evtentuelle vedlegg som pdf-filer. 

Utfylling av skjema

  • Kryss fyrst av om du er privatperson eller sender som firma
  • Alle obligatoriske felt er merka med *
  • I tittelfeltet er det til hjelp om du sett på saksnummer, om du sender inn noko i samband med ei pågåande sak - eksempelvis 90/17.
  • Skriv utfyllande kommentar knytt til sendinga. Om du sender med vedlegg, vil det du skriv i kommentarfeltet bli lagt inn som vedlegg i sak- og arkivsystemet vårt.
  • Når du klikkar på 'Send forsendelse' blir brevet ditt kryptert og sendt direkte inn i sak- og arkivsystemet vårt
  • Du får ei kvittering med referansenummer på epost

NB!

Du skal ikkje bruke eDialog om vi har elektroniske skjema til føremålet, t.d. søknad om plass i barnehage, SFO, søknad på stilling m.m. (Sjå oversikt over alle våre elektroniske skjema her)

Kontakt

Skjåk kommune Servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00