Ei sommarhelsing

Som rådmann og kommunedirektør (frå 20. juni), har eg lagt bak meg mine første 3 månader i Skjåk. Eg synest eg har blitt tatt godt imot og denne perioden har vore prega av mange spennande og varierte oppgåver. Eg har vore på besøk i fleire av einingane og fått helsa på nokre av dykk. Mi oppleving er at det i Skjåk kommune er ein god arbeidskultur med mange engasjerte og dyktige medarbeidarar.

Klikk for stort bilde

No set vi sluttstrek for vårsemesteret 2019 – og det er snart ferietid for meg og sikkert for mange av dykk andre også. Så då er det tid for eit lite tilbakeblikk på første del av 2019 og nokre tankar kring hausten og kva utfordringar vi kan vente oss.

Skjåk Energi og overgang frå KF til AS og etterarbeid etter flaumen er nokre av oppgåvene som kan trekkast fram. 

I samband med flaumen 2018 vart nær 25000 kubikkmeter glasopor ført ut av bedriftsområdet til Glasopor AS i Bismo og ut på elva. Noko av glasoporen vart teke opp med lenser på elva og ved Eidefossen. Men mesteparten av glasoporen vart liggande att langs elva etter at flaumvatnet trakk seg attende. Det har vore eit stort fokus på å få rydde opp glasoporen i vassdraget denne våren. I den samanheng hadde vi besøk av klima- og miljøminister Ola Elvestuen den 16. april.

Skjåk kommune har mange utfordringar inn mot neste økonomiplan. Det er planar om å gjennomføre større investeringar, samtidig som gjeldsgraden nærmar seg «taket» på handlingsregel. Netto driftsresultat korrigert for momskompensasjon er under press sjølv om kommunestyret vedtok å redusere denne frå 3 % til 0,5% i 2020. Fram i tid er det fleire usikre element, blant anna rentenivå, kraftinntekter, pensjonspostar og folketalsutvikling. Det er likevel klart at vi får auka avdrag og over tid har fått reduserte kraftinntekter.

Frå 01.04. etablerte vi ei felles barnevernteneste med Sel, Vågå, Lom og Skjåk. Vi har store forventningar til å bli  knytt til eit større fagmiljø innan ei så viktig teneste. Vi ser allereie ein økt aktivitet på dette arbeidet i Skjåk. 

Skjåk kommune har selt Nordberg skule, og kjøpesummen vart 500 000 kroner. Om lag 250 000 kroner er sett av til prioriterte tiltak som kjem fram i sentrumsplan. Bannerar/vimplar langs RV. 15, stenging Ålmenningsvegen, stignett Hulderholet, parkering ved bussterminalen og Skeimoplassen er nokre tiltak ein ynskjer å prioritere.

I 2018 starta vi opp med å skifte ut gateljosarmaturar til LED-armatur, dette arbeidet er noko vi fortset med i 2019.

Vi ser at det er fleire elevar som slit med utfordringar i forhold til psykisk helse og mobbeproblematikk. Utfordringane i elevmiljøet kjem også tydeleg fram gjennom Ungdata-undersøkinga både i 2015 og 2018 og den årlege elevundersøkinga. Dette er noko vi skal ta på alvor, og i den samanheng deltek Skjåk i den nasjonale satsinga «Inkluderande barnehage- og skulemiljø», i regi av Utdanningsdirektoratet. Satsinga starta i januar 2019 og varer ut 2020.  Detter er ei felles satsing mellom barnehage og skule som har eit ekstra fokus på å styrke barnehage-, skule og skuleeigars kompetanse til å skape og oppretthalde gode barnehage- og skulemiljø. Med denne satsinga håpar vi at vi får stoppa all mobbing og at barn og unge som slit psykisk og får det betydelig betre. Ein elev som vert mobba er ein elev for mykje. 

I vår har vi fått nyttig erfaring med modulbygget i barnehagen. Modulbygget har 18 plassar for dei minste i barnehagen. 

Lom og Skjåk kulturskule hadde vårkonsert i Utgard 5. juni med eit godt oppmøte. Det har vore ute spørsmål til elevar, tilsette og føresette om forslag til namn og logo til den nye felles kulturskulen. Dei fleste foreslo «Lom og Skjåk kulturskule» . 

I mai vart det vedteke at det skulle vere sommaropen svømmehall i Skjåkhallen i perioden 8. juli – 16. august. Sjølv om sommaropen svømmehall er eit kostbart tiltak er det eit godt folkehelse- og trivselstiltak for både innbyggarar og besøkjande i Skjåk.

Det er gjennomført prøveboring etter ny vasskjelde ved Dønfoss reinseanlegg. Prøveboringa
viser overbevisande resultat og det er håp om å få kopla på ny vasskjelde allereie sommaren 2019.

Det blei strata opp byggearbeid med HFF-bustader i desember 2018. Prosjektet er godt i rute og sluttdatoen er sett til 3. desember 2019.

Eg er i ferd med å gjennomføre justeringar i den administrative organiseringa. Dette er noko eg vil orientere nærare om etter sommaren. 

I tråd med plan for arbeidsgjevarpolitikk og -strategi, har vi vedteke lokale retningsliner for heiltidskultur, sjekkliste ved tilsetting og avslutting av arbeidsforhold i Skjåk kommune, retningsliner for førebygging og handtering av vald og revidert personalhandboka i 2019. 

Det har vore gjennomført faste møte med hovudtillitsvalde og hovudverneombod, og det har hittil i år vore to møte i AMU. Vi har fått oppdatert oversikt over verneomboda og har valt nytt vara for hovudverneombod. Dei fyrste månadene i 2019 er sjukefråværet totalt i kommunen på 6,8 %. Dette er eit fråvær vi må vere nøgd med og som ligg noko under same periode i 2018.

Så langt i år har vi teke inn 3 nye lærlingar som skal starte til hausten. Slik det ser ut frå hausten 2019, vil vi ha totalt 7 lærlingar fordelt på 4 fag. 


Med dette vil eg ynskje dykk alle ein riktig god sommar!


Med helsing
Ivar Bø, Kommunedirektør

Kontakt

Ivar Bø
Kommunedirektør
Telefon 61 21 70 00
Mobil 918 17 696