Informasjon til tilsette i Skjåk kommune

Klikk for stort bilde citikka - stock.adobe.com  

Informasjon til tilsette i Skjåk kommune

Utenriksdepartementet frarådar reiser som ikkje er strengt naudsynte til alle land. Dette gjeld førebels fram til 1. oktober. Skjåk kommune oppmodar alle tilsette til å overhalde dette reiserådet. 

Arbeidsgjevar ber om at tilsette opplyser om dei har reist til område der det er påvist mange smittetilfelle. Formålet med desse opplysningane er at vi som arbeidsgjevar må kunne vurdere om det er behov for å iverksetje tilpassa tiltak for å førebyggje smitte på arbeidsstaden. 

Tilsette som ikkje overheld reiseråd, og likevel reiser til utlandet om det ikkje er strengt naudsynt, vil ikkje automatisk ha krav på løn under karantene i etterkant av reiser. Ein kan gjere avtale om t.d avspasering eller ulønna permisjon. Dette bør gjerast i forkant av ei evt. reise. 

Tilsette i helsetenestene, inklusive tilsette og vikarer som i løpet av dei siste 10 dagane har vore i regionar og land utanfor Noreg som ikkje er omfatta av karanteneplikt, bør informere arbeidsgjevar før dei skal attende på jobb. Det er anbefalt at desse så snart som mogleg bør testast ein gong for SARS-CoV-2, og ikkje ha pasientnært arbeid før negativ test føreligg.  

Kommunedirektør Ivar Bø, 4. sept 2020