Kronprinsparet kjem til Skjåk onsdag 18. september 2019

Vi oppmodar alle til å komme til Bismo denne dagen. Kronprinsparet er på fylkestur.

Klikk for stort bildeKronprins Haakon og kronprinsesse Mette Marit kjem til Skjåk. Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff.   

Ein raud tråd under besøket er vatnet si viktige rolle som livgjevande kraft 

Tema for opphaldet blir landbruk, korndyrking og vatnet si betydning for bygda vår og barn og unge i Skjåk.

Kronprinsparet skal m.a. få høyre om korleis vi vatnar i eit ekstremt tørt klima, korleis vi har utnytta vatnet til drift av møller og sagbruk, om flaumen, om moderne bruk i form av rafting og juving og om kva kraftutbygging har betydd for bygda. Dei skal få ei omvisning på Skjåk barne- og ungdomsskule og dei skal få smake på fleire lokalproduserte matvarer. Skjåkbesøket varer i 2 timar og 15 minutt.

Klikk for stort bilde    

Kvar skal vi som publikum møte opp?
 

Kl 11.30
Mellom biblioteket og skulen 

Kronprinsparet kjem til Bismo etter ein liten stopp ved Ofossen Mølle. Kronprinsparet vil gå frå biblioteket og bort til nyskulen. Her vil dei få blomster av to "blomsterbarn" frå Skjåk. Dei vil også helse på publikum.

Vidare skal dei ha ei vandring i og rundt Skjåk barne- og ungdomsskule. Her vil dei m.a. få sjå utstilt elevarbeid frå arbeid med "Vatn i Skjåk". 

Medan kronprinsparet får ei omvisning, går publikum til baksida av skulen.

Kl 12.15
På baksida av skulen, mot idrettshallen

Etter at kronprinsparet har fått ei omvisning inne på skulen, vil vi som er publikum, få ei tale ved ein av dei. Ordførar Elias Sperstad vil også seie nokre ord. Det blir eit kulturelt innslag med song, musikk og dans av ungdom frå Skjåk.

Ta med flagg og godt humør! Bli med og bidra til at opphaldet til kronprinsparet blir eit fint minne frå Skjåk, både for dei og oss.

Vi håpar alle er med og flaggar denne dagen!

Litt praktisk informasjon

  • Parkeringsplassen mellom biblioteket og skulen er reservert for kronprinsparet m/fylgje
  • Parkeringsplassen foran biblioteket er reservert for politiet
  • Parkeringsplassen foran Akantus på kjøpesenteret er reservert for pressa  

Her er eit publikumskart

Her er ei oversikt over kvar publikum skal stå og tidspunkt. Det er lurt å møte i god tid, det kan bli mykje folk i Bismo denne dagen.

 

Klikk for stort bilde