Retningslinjer for førebygging av vald og truslar

Arbeidstakarar kan bli utsett for vald og truslar i samband med jobben sin. Skjåk kommune arbeider aktivt med førebygging og rutinar for dei tilsette.

Retningslinjene

Skjåk kommune har eigne retningslinjer som vart vedteke i AMU (Arbeidsmiljøutvalet) 15/5-19. Retningslinjene gjeld for heile organisasjonen.

 

Eit hjelpemiddel for tilsette og leiarar

Retningslinjene skal bidra til førebygging og sikre god handtering av vald og truslar mot tilsette og vere eit hjelpemiddel for leiarar og tilsette i samband med oppfølging av dei som har vore utsett for vald og truslar. Vald og truslar mellom tilsette og/eller leiarar i kommunen vil i dei fleste tilfelle vere naturleg å handtere etter Skjåk kommune sine rutinar for varsling.