Triveleg quizkveld på Mogard

Fredag kveld vart årets quiz for dei tilsette i Skjåk kommune arrangert. 

Vinnarane av Quiz 2020 Skjåk kommune - Klikk for stort bildeVinnarlaget. Frå venstre: Aud Jotun, Arnborg Teigum, Eirik Matias Bøe, Kjell Morten Kveen, Ola Brenna og Mona Haugen Grimstad    

 

  

Kort oppsummert

Det var 60 personar med på quizen på Mogard. Pizzaen var kjempegod. Quizen hadde to runder med 60 spørsmål til saman. Quizdeltakarane var godt nøgde med spørsmåla. Her var det spørsmål i alle sjangrar. 

Vinnarane av Quiz 2020 vart Kyrkjekontoret sitt lag. Gratulerer :)

Her er ein liten "smakebit"

  • Kva heiter Norges nasjonalrett?
  • Kor mange sylvpenger fekk Judas for å forråde Jesus?
  • Kven har skrive romanen "Seierherrene"?
  • Kva er eit anna ord for "Pelvis"?
  • Kva heiter nevøane til Mikke Mus?
  • Kor mane gonger snublar "Hovmeisteren" i den populære sketsjen med Miss Sophie, som blir sendt kvar Lille Juleeftan på NRK?
  • Kor mange individulle gull har Therese Johaug?
  • Kven er dette? Anagram på ein som jobbar i Skjåk kommune: (Stokk om på bokstavane)
    OLVE SETER FLAT L
  • Kva heiter hovudstaden i Armenia?
  • Kva har du angst for om du har "gynefobi"?
  • Internett: Kva er det norske ordet for "cookies"?
  • Kva heiter den nye administrasjonssjefen i Lom?
  • I kva for land var Idi Amin diktator og presiedent i 1970-årene?
  • Kva kallast kombinasjonen tre like og eitt par i Yatzy?
  • Kva blir kong Valmon forvandla til av ei ond heks?
  • Kva heiter Ari Behn sin mamma og pappa?

Årets quizkomitè var Elin Bakke, Sigrun Eide og Olav Kvåle.

Klikk for stort bildeQuizmastarane 2020: Sigrun og Offe Elin Bakke