Er du vår nye rektor ved Skjåk barne- og ungdomsskule?

Ynskjer du å bli med på ei spennande utviklingsreise der akkurat DU gjer ein forskjell for barn og unge sine oppvekstvilkår i ein innovativ kommune? Bli vår nye rektor ved Skjåk barne- og ungdomsskule.

Er du vår nye rektor?

Skjåk barne- og ungdomsskule opna i august 2018 som ein moderne, funksjonell og triveleg skule som inspirerer til læring, aktivitet og kreativitet både inne og ute. Skulebygget ligg i sentrum med mellom anna idrettsanlegg, idrettshall, symjehall og bibliotek nærast vegg i vegg. Skulehelsetenesta er aktivt til stades og har eige lokale på skulen. Som ein integrert del av skulen er det ei forsterka avdeling for elevar med meir samansette behov.

Det er i overkant av 180 elevar ved skulen. Kollegiet teller nærare 50 tilsette, inkludert assisterande rektor og merkantilt tilsett.

Skulen er inne i eit utviklingsarbeid kring kulturbygging gjennom byrjaropplæring, dette heng tett saman med kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Skrivesenteret og Senter for praksisretta utdanningsforsking er med som rettleiarar og støtte i denne prosessen.

Skjåk kommune er saman med nabokommunen inne i ein prosess der vi utviklar system kring BTI (Betre tverrfagleg innsats). Førebyggande plan for oppvekst vart vedteke i 2023, og gjev mål og føringar for mellom anna BTI, kompetanse i å bygge trygge barn og trygge relasjonar, modellar for analyse og tiltak, inkluderande praksis samt digitale samhandlingsarenaer.

Les alt om skulen vår

Arbeidsoppgåver

  • Sikre elevane våre eit trygt og godt skulemiljø som fremmar inkludering, helse, trivsel og læring.
  • Vere ein pådrivar for samarbeid i laget rundt barnet i tråd med førebyggande plan for oppvekst for Skjåk kommune.
  • Vidareutvikle involvering, deling og samarbeid i kollegiet slik at skulen sikrar god tilpassa undervisning og godt læringsutbytte hjå kvar enkelt elev.
  • Inspirere, motivere og gje retning til dei tilsette gjennom utviklingsarbeid.  
  • Sikre elevmedverknad, samt samarbeid med føresette.
  • Administrativ drift av skulen gjennom økonomistyring,  personalansvar  og pedagogisk fagleg leiing.
  • Stillinga ligg under kommunalsjef oppvekst og utdanning. Rektor deltek i kommunalsjefen si leiargruppe, samt den utvida leiargruppa i Skjåk kommune.

Kvalifikasjonar

  • Relevant pedagogisk utdanning.
  • Dokumentert leiarerfaring, gjerne rektorerfaring.
  • Utdanning innanfor leiing er ynskjeleg, skuleleiarutdanning er ein fordel.
  • Erfaring frå, og kunnskap om plan-, utviklings- og omstillingsprosessar.
  • God økonomiforståing.
  • God systemforståing kring tverrfagleg samarbeid- og samhandling.
  • Kunnskap om, og forståing av offentleg sektor og administrasjon.
  • Det er ein fordel å kunne syne til resultat innafor utviklings- og omstillingsprosessar, samt frå arbeid med økonomistyring.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.

 Politiattest må leverast før tilsetjing.

Vi vektlegg at du

  • er ein tydeleg leiar
  • legg til rett for gode relasjonar med både elevar, føresette, tilsette på skulen, kollegar i organisasjonen og eksterne aktørar
  • inspirerer og motiverer tilsette og elevar
  • arbeider mot både kortsiktige og langsiktige mål
  • samlar kollegiet i arbeidet om felles mål
  • taklar utfordringar, krevjande situasjonar og uføreseielege hendingar
  • finn gode løysingar
  • er fagleg sterk
  • er engasjert og lyttande
  • er ambisiøs på skulen og elevane sine vegne

Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
  • Pensjonsordning

Ynskjer du å bu og jobbe i ei fjellbygd med gode arbeidsplassar og fritidsmoglegheiter? Nå kan du prøvebu i Skjåk. Skjåk kommune har bustadar som ein kan leige/prøvebu i, gå inn på lenka meir informasjon.

 Spørsmål kan rettast til:

Søknadsfrist 14. oktober 2024.

  • Elektronisk søknadsskjema
  • Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit. 

 

Kommunedirektøren

 

Kontakt

Kari Anne Skjaak
Kommunalsjef for oppvekst og utdanning
Telefon 61 21 70 00