Lærling i Skjåk kommune

Vi ynskjer å ta inn inntil 4 nye lærlingar i 2024. 

Vil du bli lærling i Skjåk kommune?

Vi ynskjer å ta inn inntil 4 nye lærlingar i 2024. Om du er elev på vidaregåande skule, eller dersom du tidlegare har fullført Vg1 og Vg2, innan faga under er du hjarteleg velkomen til å søkje hjå oss i Skjåk kommune. Vi søkjer etter deg som er ansvarsbevisst, har evne til å arbeide sjølvstendig og som blir motivert av å arbeide saman med andre.

Aktuelle fag

  • Helsefagarbeidarfaget
  • Barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • IT-driftsfaget
  • Ernæringskokkfaget 
  • Service- og administrasjonsfaget
  • Byggdrifterfaget

Spørsmål kan rettast til personalkonsulent Elin Bakke, mobil 99756690,  elin.bakke@skjaak.kommune.no 

Kvalifikasjonar 

  • Elevar som har bestått Vg1 og Vg2 i aktuelle fag over kan søkje
  • Det er krav om godkjent politiattest av nyare dato for lærlingar i helsefag og barne- og ungdom

Vi tilbyr

Ved lærlingplass i kommunen vil du få ordna arbeidstid med gode arbeidsvilkår, opplæring og moglegheit for allsidig erfaring på ein arbeidsplass i utvikling. Vi har mange utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Du vil få mange dyktige og engasjerte kollegaer. Kommunen kan hjelpe til med bustad ved behov.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Vi har fortløpande opptak når det gjeld søknad på læreplass.

 

Kommunedirektøren

Kontakt

Elin Bakke
Personalkonsulent
Telefon 61 21 70 00
Mobil 997 56 690