Sjukepleiarar, 2 x 100 % stilling

Stillingane er ledige frå dags dato. Stillingane er for tida i 3-delt turnus.

Arbeidsområde

Arbeidsområde er i pleie og omsorg, for tida ei stilling ved Skjåkheimen sjukeheim og ei ved heimesjukepleia. Skjåkheimen er ein sjukeheim med 24 plassar. Her er det både korttidsplassar, langtidsplassar og rehabilitering. Det er nær samhandling mellom heimetenesta og sjukeheimen. Vi har ei målsetting om å vere ein sjukeheim der både bebuarar og tilsette skal trivast i kvardagen. Det er god sjukepleiedekning, og andelen tilsette med fagutdanning er høg.  Skjåk kommune prioriterer lokalt og interkommunalt utviklingsarbeid.  

Skjåk kommune har godt utbygd heimesjukepleie og praktisk bistand, og har over lang tid satsa på å byggje ut omsorgsbustader som ligg sentrumsnært. 14 av bustadane ligg under same tak som sjukeheimen.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • Anna utdanning kan bli vurdert om vi ikkje får søkjarar som fyller nemnde krav over
  • Førarkort klasse B
  • Godkjent politiattest

Vi vektlegg at du

  • Har erfaring frå liknande arbeid
  • Likar å arbeide med eldre og arbeider for å oppretthalde bebuarane sin kvardagsmestring
  • Ivaretek bebuararane sine medisinske behov saman med tilsynslege og samhandlar med spes.helsetenesta
  • Er fagleg engasjert og vil halde deg oppdatert
  • Viser fleksibilitet i høve til omstillingar, er løysningsorientert og kan prioritere i ein travel kvardag
  • Samarbeider med pårørande
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Har godt humør og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
  • Har generell forståing for bruk av informasjonsteknologi
  • Dokumenterer i høve til lover og forskrifter

Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP

Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobil 489 97 924.

Søknadsfrist 18. oktober 2022

Kommunedirektøren

Kontakt

Ingvild Mork
Tenesteleiar Skjåkheimen og heimesjukepleie
Telefon 489 97 924
Mobil 489 97 924