Sjukepleiarvikariat i heimesjukepleia - Skjåk kommune

Sjukepleiarvikariat i heimesjukepleia

Skjåk kommune har ledig vikariat som sjukepleiar i heimesjukepleia. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, tett samarbeid med dyktige kollegaer og fleksible turnusløysingar tilpassa ulike livssituasjonar.

Sjukepleiar i heimesjukepleia - vikariat

Skjåk kommune har ledig 80-100% vikarstilling som sjukepleiar. Vikariatet er ledig frå dags dato til 31.12.27. Arbeidsplass for tida er heimesjukepleia. Stillinga kan bli forlenga.

Det er fleksibelt helgemønster på stillinga med anten 3. kvar helg eller 4.kvar helg med langvakter. Vi kan legge til rette for ei turnusordning som passar din livssituasjon og kvardag, med moglegheit for komprimert arbeidstid og lengre friperiodar - ei turnusordning som gjev rom for både jobb og fritid.
Heimesjukepleia gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Det er nær samhandling mellom heimetenesta og sjukeheimen.

Kvalifikasjonar 

  • Godkjent sjukepleiar 
  • Anna helsefagleg utdanning vil/kan bli vurdert
  • Førarkort klasse B 
  • Godkjent politiattest

Vi vektlegg at du 

  • viser engasjement i faget, kan prioritere i ein travel kvardag 
  • har erfaring frå liknande arbeid 
  • viser fleksibilitet i høve til omstillingar og løysningsorientert 
  • har evne til å arbeide sjølvstendig 
  • har gode samarbeidsevner 
  • har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø 
  • har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk 
  • har generell forståing for bruk av meistringsteknologi

Vi tilbyr 

  • tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale 
  • pensjonsordning i KLP


Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobil 489 97 924. 

Søknadsfrist 16.08.2026

Elektronisk søknadsskjema 

Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.

Vil du vite meir om oss? 

Les meir om korleis Skjåk kommune satsar på oppvekst på Å vekse opp i Skjåk - Skjåk Kommune 
Les meir om Skjåk kommune på www.skjaak.kommune.no

Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Kanskje har du ein partner som vil vite meir om arbeidsmoglegheiter i Skjåk. Har du barn vil du kanskje vite meir om barnehage, skule og fritidstilbod. Om du ynskjer å prøvebu i Skjåk nokre dagar kan tilflyttarkonsulenten legge til rette for dette også.

Ta kontakt gjerne kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902. Meir informasjon om å livet i bygda finn du på www.skjak.no

Sletting av studielån

Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år? Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Kontakt

Ingvild Mork
Tenesteleiar Skjåkheimen og heimesjukepleie
Telefon 489 97 924
Mobil 489 97 924